Noko avlyst, noko i gang

huglo.no ynskjer alle lesarane sine eit år med mykje glede, eit år me kan vera saman med dei me helst vil vera med, når me vil, 365 friske dagar og mykje anna enn corona å snakka saman om!

Men førebels er Eldretreffet andre onsdagen i januar, den 13., utsett inntil vidare.  Har nokon gamle skulebilete me kan låna og få kopiert, kan de koma innom på skulen torsdag  14.d.m. mellom kl. 18 og 19.  Då er biletgruppa der og jobbar.

En positiv nyhende er at turgruppa (for pensjonistar?) er i gang igjen.  Me går tur (med 1 meters avstand) på onsdagar, greie turar, frammøte ved skulen, som regel kl. 14 no om vinteren,  me  avtalar  etter ver og dagslys, med sms.  Meld fra til Eline, tlf. 92013087 eller Hedvig, 41334436, så får du møtetid.  Jo fleire, jo betre!

,