Oldtidsfunn på Tveit

Oldtidsfunn på Tveit

Av Asbjørn Sortland

Då me skulle hjelpa til å flytta ein stor rhododendron i hagen til Per Egil dukka det opp nokre steinar som var litt mistenkjelege. Ein lang spiss og mange runde såg ikkje ut som vanleg åkerstein. Like etterpå dukka det opp eit jenrstykke på om lag 30 cm som faktisk såg ut som spissen på eit spyd. Sjølv om det var ganske rusta var det tydeleg at dette var svært gamalt, og det kunne jo henda at det var ei gravrøys me hadde funne!

Pappa tok spydspissen med til antikvaren på Fylkeshuset i Bergen og dei vart svært interesserte. Allereide dagen etter troppa det opp fire stykker frå byn som ville sjå nærare på funnstaden. Her er dei i gong med vidare utgraving, og det vart konstartert at Per Egil faktisk har ei gravrøys i hagen og at spydet me hadde funne antakeleg stammar frå yngre jernalder. I tillegg fann arkeologane ein liten jernbit til som kunne stamma frå eit spyd og nokre små restar av kol og bein. Alt vart registrert og målt opp, og bladet Sunnhordland var med og dokumenterte det heile. Prøvar av materiale vert sendt til undersøkjing, og me får snart vita nøyaktig kor gammalt dette oldtidsfunnet er.

Les meir og sjå video her!