Om Vyborghjelpa

Før kafèen opnar
Før kafèen opnar
I strålande solskin møtte rundt 40 personar frå Huglo, Stord og Fitjar opp på Vyborgkafèen sist søndag. Det vart mumla om at arrangementet burde ha gått føre seg utandørs, men innvendingane øydela ikkje for kake- og kaffesalg og loddsalg. Interessa for informasjonen Anne Hildur ga om politikk, geografi og økonomi i Karelen var stor. Vyborg, som ligg i delstaten Karelen i Russland, har vore hovudstad i Sverige på 1200-1300 talet, seinare var Karelen ein del av Finland før landsdelen vart innlemma i Russland. Karelen er no den fattigaste delen av Russland, med litt industri og fiske som næringsvegar. Jordbruket ligg så godt som brakk.
Åse og Magnhild (?), som begge har vore i Vyborg fleire gonger, viste bilete frå arbeidet der. Akkurat no er to eldsjelar herfra i Vyborg for å byggja hus for Vyborgprosjektet. Og då pengane etter kafèen var talde, hadde Vyborghjelpa fått inn kr. 10.950,-, ca. 500 kroner meir enn på siste kafèen. Godt er det å vita at pengane kjem dit dei skal, og ikkje går opp i administrasjon. Takk til eldsjelar og dugnadsfolk!
Informasjon om Karelen
Informasjon om Karelen

Vyborg informajon 2