Oppdatering av Huglo Bibliotek

Fleire glade lesarar har bøker heime som andre kanskje kan ha glede av.  Nå får Huglo Bibliotek bøker frå fleire bokhyller, som me huglarar kan låna, lese, behalda eller  gje vidare eller levere tilbake  –  men her vert det inga påminning om at lånet forfaller.  Du kan ta med deg ei bok når du er innom på skulen, på eldretreff, bygdalagsmøte, musikkøving eller i biblioteket sin åpningstid.  Skriv deg gjerne på lista kva du har lånt, med telefonnummer, er det ei populær bok, vil kanskje andre óg lesa den?

Her kjem ei førebels lista over “nye” bøker.  Og det vert fleire!