CISV på Huglo

Sist veka hadde CISV Sunnhordland leir på Huglo skule. CISV er ein internasjonal fredsorganisasjon som arrangerer fredsutdannande aktivitetar. Leiren har vore for ungdom frå heile landet i alderen 16 -18 år med 18 deltakarar. Temaet for leiren har vore verdiar. Kva verdiar er det som er viktige i samfunnet og korleis kan ein bidra til…

Detaljar

Bedehusbasar

Bedehusbasar er planlagt til 17. juli kl 15 på skuleplassen.  Styret for Huglo Bedehus lovar triveleg program, med både kaffi, saft og mat. Det er lurt å ta med seg stol. Styret ynskjer gevinstar, dei kan leverast til Wenche eller Per Egil. Det vert ført lodd løpande i loddbok.  Alt no kan du kjøpa lodd…

Detaljar

St.Hans feiring i godver

Ikkje var det kaldt, og ikkje var det regn – det vart ein flott St. Hans-kveld på Huglo. Fotballkamp med blanda lag Fyrst fotballkampen, som før var mellom huglarar og hyttefolk.  Nå vart det “godt og blanda”, med minst to generasjonar på banen, og minst ein meter i høgdeforskjell på spelarane, og alle var like…

Detaljar

Fest på kaien 4.juli

For å feira ny flytekai – og for at det er sommer – inviterer Huglabutikken til fest søndag 4.juli.  Det er selt grillmat frå kl 13, og Cecilie Anna held minikonsert kl 14.  Opning av kaien kl. 14.45. Det vert loddsal, og bading med premie om lag kl 15.  Husk badekle! Lurt å ta med…

Detaljar

Søndagsopen butikk i juli

12,4 grader i sjøen – kor blei sommaren av?  Og så er brennmanetane kome, veldig mange brennmanetar!  Det er jo faktisk eit sommarteikn, men eit me godt kan vera forutan. Elles melde Huglabutikken at dei skal ha søndags-ope i juli i år òg, frå klokka 14 til 17.  Me får håpa at veret vert betre…

Detaljar

Badetemperatur?

Etter en varm postaleiting-tur freista det med eit sjøbad.  Fyrst bada, så måla vanntemperaturen.  Termometeret viste 14,2 grader i Huglavikjo.  Deilig avkjølande.  All erfaring seier at er det 14 grader i Huglavikjo, er det 16 grader i Tveitevågen.  Det er berre å hoppa i det, mens me har dette fantastiske sumarveret.

Sigrun sin 17.mai tale

mai-tale 2021 Ja, vel møtt, og Gratulerer med dagen! Så er han her igjen då, den dagen me gledde oss mest til som ungar, bortsett frå julafta. Og me tek fram igjen nasjonalsongane, dei er like sjølvsagde for 17. mai som dei gode, gamle julesongane er for jula. Av desse songane er det særleg ein…

Detaljar

Dugnad

MALING AV UTLEIGEHUSET « BARNEHAGEN» Me ynskjer å få malt huset no i mai. Me håpar nokon har tid og lyst til å hjelpe til med dette. Me inviterer difor til maledugnad Laurdag 22  mai kl 0930. Har du mulighet til å vara med då , så møt opp eller send ei melding til Albert…

Detaljar

Tur til Laukhamar Fritid for alle

Den sjølvoppnemde komitéen for Eldretreff arrangerer tur til Laukhamar Fritid den 9.juni.  Turen er open for alle som har lyst til å bli med på en hyggeleg tur og spise god mat. Deltakarar kan velge mellom a) Lammegryte med poteter eller ris, grønnsaker og heimebakt brød eller  b )       Svinesteik med surkål, gulerøter…

Detaljar

17.mai på Huglo – kort, men godt

Dei som les avisa Sunnhordland på nett, fekk med seg alle bileta og reportasjen allereie om ettermiddagen 17.mai.  Het kjem litt ekstra for dei som berre les papirutgåva. Her var gledeleg godt frammøte i finveret.  Det er tydeleg at folk savnar å kunne samlast og holde tradisjonar ved like. Kl. 11 var det flaggheising ved…

Detaljar

Krypskyting?

Fleire har reagert på ein lyd som høyres mistenkeleg ut som skudd i dag.  Litt “rundare” i lyden, riktignok, men driv nokon ulovleg jakt, eller kva er dette? Kvem skulle tenkja seg at dette er eit moderne fuglaskremsel?!!  Store flokkar med grågjess beitar på bakkane for tida, det vert merkbart færre traktoregg som resultat.  Og…

Detaljar

Huglabutikken

Laurdag hadde Huglabutikken A/S si årlege generalforsamling i gymsalen på skulen – med smittevernavstand mellom stolane. Frå årsmeldinga: Utvikling og resultat.  “ Huglabutikken AS har dei siste åra hatt ei stabil drift.  I 2020 vart det ein auke i omsetninga på 13,4 % samanlikna med 2019. Rekneskapen for 2020 er gjort opp med eit “positivt…

Detaljar

17.mai på Huglo

Også i år må det meste av 17.mai – feiringa gå føre seg heime og privat med den næraste kohorten.  Men heldigvis vert det óg noko felles: kl. 11.00 Flaggheising på skulen 17.mai tale ved Sigrunn Røssbø Musikken spelar Og kl 12.00 syng heile Norge  “Ja, vi elsker” saman, med musikk og forsongarar på TV,…

Detaljar

Eldretreff utsett til 19.mai

Me har vanlegvis eldretreff 2. onsdag i månaden.  Denne gongen er treffet utsett ei uke p.g.a. bisetting.  Altså vert det denne gongen Eldretreff onsdag 19. mai kl 15 – 17 i skulestova.  Me tenkjer å sjå litt nærare på folketellinga fra 1920, med døme på korleis ein kan logga seg inn og kva ein kan…

Detaljar