Og det blei 17.mai i år óg

Me var heldige med veret, var det ein på skuleplassen som sa.  Ja, det var fakisk opphald under flaggheising, musikk og apell for dagen!  Og vert me glade for ein slik ting (det regna både før og etter), tyder det på at huglarar er så positive at resten av dagen óg vart bra.  Nokon ynskte…

Detaljar

17. mai på Huglo

Som venta i desse corona-tider, vert det ein sers redusert offentleig feiring av nasjonaldagen på Huglo.  Det er planlagt flaggheising på skulen kl. 11.  Då spelar korpset og det vert tale for dagen.  Etter det må all feiring gå føre seg i privat regi.  Men sjølv med  smittevern-avstand og begrensing av antal gjester kan ein…

Detaljar

Dugnad på Vikasanden

Torsdag kveld inviterte idrettslaget til dugnad og rydding av Viksanden. Ein god gjeng var med og effektivt fjerna mykje boss og rekved frå stranda. Supert at idrettslaget inviterte til dugnad.   Det har også blitt lagt ned ein flott ryddeinnsats på Leiro dei siste vekene. No er det snart klart for sommar og stranddagar. Her…

Detaljar

Huglabutikken fornyar seg

Med god innsats frå frammøtt mannskap fekk Huglabutikken ny, stor fruktkjøledisk.  Fyrste oppgåve var å få disken inn av døra, så skulle den slepast på plass innomhus og så innstallerast med strøm og kjølevatn.  Eit godt råd for ikkje å øydeleggja golvet i butikken var å leggja fleskesvor under beina til kjøledisken – og på…

Detaljar

Bedehusbasaren

Kva skal me nå gjera for at påsken skal starta ordentleg?  Basaren på Bedehuset laurdag før Palmesøndag er, som følge av nasjonale restriksjonar, avlyst!  Og gudstenester vert det heller ikkje, dei må me høyra på på NRK.  Me får berre håpa at neste påske vert etter dei faste tradisjonane og at me alle kan møtast…

Detaljar

Fleire avlysingar

Vår trufaste bibliotekar Åse seier seg lei for at biblioteket, som skulle ha vore opent torsdag 26.d.m., halder stengt, etter reglane. Kommitéen som skulle arbeida med gamle skulebilete, utsett arbeidet inntil vidare. Me får kosa oss med minner om dei dagar då me kunne møtast og vera sosiale, og gle oss til me kjem tilbake…

Detaljar

Interessant eldretreff

Hyggleg eldretreff i varm skulestove sist onsdag.  Arne Sortland fortalde og viste billede om “Møbelproduksjon på Huglo”, møbelfabrikken sin historie frå den spede starten.  På det meste hadde fabrikken 16-17 personar på løningslista, ein viktig arbeidsplass på Huglo i sin tid.  Interessant! Så vart det sett ned ein hurtigarbeidande komité som skal sortera og velje…

Detaljar

Bokbåten Epos kjem

Vestlandet sitt flytande bibliotek, Epos, kjem til kaia på Sørhuglo torsdag 5. mars kl. 17.00 – 18.30 Som alltid har bokbåten med seg nye og gamle bøker til utlån og gode råd til den som vil finna noko spesielt å lesa. Kulturprogrammet er i samarbeide med Hordaland folkeakademi.  Denne gangen handlar det om Sindre, som…

Detaljar