Vyborg kafé

Som vanleg var det “stinn brakke” da Vyborghjelpa arrangerte kafé med utlodning.  Mange  gode og flott pynta kaker, som berre Huglo-bakarene kan laga kaker, så mange basarar, kaféer og møter dei bakar til.  Og dei frammøtte visste å kjøpa godbitane.  Det var populært at eit kakestykke kunne vera så stort som du sjølv skar det.…

Detaljar

Huglo idrettslag 50 år

Huglo IL vart skipa i 1969. Altså er laget nettopp runda 50 år. Dette ynskjer styret å markera under årsmøtet søndag 1. mars kl 16.00 i skulen. Øystein Huglen vil fortelja frå laget si historie, og andre kan hiva seg på. Om nokon har gamle eller nyare bilete knytt til idrettslaget set me stor på…

Detaljar

Eldretreffet

Ein hyggeleg føremiddag, mykje å snakka om, god mat og kaffe og framfor alt:  Mange skulebilete av ymse alder.  Nokon kan me prøva å forstørra og pynte veggen med, dei fleiste burde limast i album med tekst til, mens nokon ennå huskar når biletet vart teken, kva for ein hending eller anledning biletet er teken…

Detaljar

Rekordfloa

Inga stor skade skjedd her, berre noko toalettpapir som sto på golvet på butikklageret vart ikkje salsvare etter at sjøvatnet tok seg en tur inn.  Då butikkhuset vart bygd opp att etter brannen, vart det heva 25 cm.  I framtida er kanskje ikkje det nok?  Hadde du noko laust i naustet, kan det hende du…

Detaljar

Ferje billettprisar

Overskrift i Aftenposten:  “Fergerederiene sitter igjen med milliongevinst.  Trafikanter må betale flere tusen kroner mer for billettene”. Det er tilsaman 130 ferjesamband i Norge, 17 av dei er riksvegsamband eigd av staten, resten eig fylkeskommunane.   Staten betalar 1,5 milliardar kroner for fergetenesta på dei 17 riksvegsambanda – tre ganger så mykje som i 2014. …

Detaljar

MF Julsund

Dette er den “nye” ferja vår, m/f Julsund.  Ho kom til Leirvik natt til i går, og skal gå nokre prøveturar før ho vert sett i vanleg rute.  Bileta er tatt før ombygginga. Julsrud vart bygd i 2004.  Ho er 83,9 meter lang, tek 99 personbilar og 295 passasjerar.  Toppfart 13,8 knop. Til samanlikning vart…

Detaljar

Eldretreff

Kakene var nok ikkje heilt så mange som dei på biletet, men 9 huglarar + 2 arbeidande damer var samla i skulestova til eldretreff 14. januar.  Og det er jo over 10% av befolkninga på Huglo.  Det var litt kulturelt program, men mest god drøs og god kaffe.  Skulestova kan med fordel gjerast mindre “skulestoveaktig”…

Detaljar

Bokutlån på Huglo

Stord folkebibliotek har også denne våren filial på Hulo skule, med bøker for vaksne.  Du kan óg bestilla bøker frå biblioteket og få dei levert hos Huglo Filial.  Vår trufaste bibliotekar Åse er på plass følgande torsdager kl 18.00 til 19.00: Januar 16. og 30. Februar 13. og 27. Mars 12. og 26. April 16.…

Detaljar

Eldretreff igjen

På Haustmøtet for Huglo Bygdalag vart samankomsten “Eldretreff” etterlyst.  No har Eline og Åse teke på seg å invitera huglarar til ein ny start på Eldretreff – utan at det er nokon aldersgrense korkje oppover eller nedover.  Alle er velkomne! Treffet er tirsdag 14. januar, på skulen, kl. 12 til ca kl 14. (Biletet er…

Detaljar

Ferjeruta

Ynskjer du ruteheftet, som i “gamle dagar”.  Det kan du bestilla – på internett, sjølvsagt – på skyss.no.  Då får du heftet i posten. Kjersti har laget en flott, forenklet ferjerute for dem som bare skal til/fra Huglo/Jektevik.  Med forbehold om skrivefeil: FERJERUTER 2020 Kvardagar * stjerne stopp, ring ferje, a berre fredager Frå  …

Detaljar

Nyårshelsing

Redaksjonen i huglo.no takkar alle sine lesarar for interessa dei har vist i dei åra sida har eksistert.  Så ynskjer me alle lesarar eit godt, fredfullt år 2020, mange glade dagar, mange oppfylte ynskjer og så framgang for det litle Huglo-samfunnet i året som kjem.

Ordførarbesøket

Ordføraren må ha fått eit inntrykk av Huglo som ein varm, særs hyggeleg og fin plass, då han var invitert til Omshuset på kaffe og kringla for å møte huglarar, og verta påmint om at Huglo er ein bydel i Stord.  I tilegg har huglarane andre ting dei er opptekne av, enn folk på Rommetveit…

Detaljar

Julakonsert

Det vart ein fin julakonsert i år også. Songlaget Stordabuen starta med ei avdeling der dei song 70-tals hits. Det låt bra! Seinare hadde dei ei avdeling med kjente og kjære julasongar. Kaffimaten var god som vanleg og det var ei god runde med årer og trekking. Korpset imponerte stort med variert musikk i si…

Detaljar
Juleverkstad

Hyggeleg tradisjon

Godt frammøte og stor arbeidsglede prega den tradisjonelle juleverkstaden som Huglo Bygdekvinnelag inviterte til.  Dei vaksne var minst like ivrige som barna, og så var det så hyggeleg å gjera noko samen i denne førjulstida!                                        …

Detaljar