Juleverkstad

Huglo Bygdekvinnelag inviterar til juleverkstad for vaksne og born, laurdag 7. desember, kl. 12.00 – 15.00 (i skulen)   Laget stiller med materiell til ulike aktivitetar for borna, pyntegrønt og anna materiell til å lage kransar av. Til dei vaksne: Ta gjerne med viklestreng om du har det, og evt. ein base til å lage…

Detaljar

Nye ferjeruter

No er dei nye ferjerutene kome ut. For å sjå heile den nye rutetabllen for ferjer og hurtigbåtar for 2020 sjå link under: https://www.skyss.no/globalassets/bat-og-ferje/1.-januar-2020/rutehefte-bat-og-ferje-2020.pdf?fbclid=IwAR3S2YpXBVGRwnZ_svz3T5du_UplJ-TM0UWw-6Fl_lNJ_yqwmIBForjv1_I    

Detaljar

Haustmøte i Huglo Bygdalag

Møtet var på skulen og vart leia av formannen i Bygdalaget, Endre. 14 huglarar møtte. Bygalaget har sidan forrige møte arbeidd med Nye ferjeruter SIM og alternativ til den tidlegare ryddedagen Veglys Fiber Fastlandssambandet Skulebygget Kan me få i gang ein fritidsaktivitet som mange kan ha glede av på Huglo?  Mads foreslo på eige initiativ…

Detaljar

Gåvefest

Tysdag 22. oktober inviterte Sparebanken Vest representantar frå lag og organisasjonar som har motteke prosjektmidlar i 2019, til ei markering på Frugård. Huglo Bygdelag er ein av dei heldige mottakarane av desse midlane, og styremedlem Eva Grov var til stades på markeringa på vegne av bygdelaget.

Bokbåten epos på hausttur

Bokbåten kjem til kaia på Sørhuglo torsdag 7. november kl. 17.00 til 18.00.  På denne turen fortel Nina Næsheim om morfaren sitt magiske skrin.  Programmet startar kl. 17.00.  Og som alltid har bokbåten med seg nye og gamle bøker og gode råd til den som vil finna noko heilt spesielt å lese. Velkomen om bord…

Detaljar

Nærbutikkens dag

Merkur, støtteprogrammet for utkant-butikker, og Huglabutikken A/S, inviterer til Nærbutikken sin dag på fyrstkomande laurdag.  Alle som handlar i opningstida, får kaffe og kake.  Det vert óg konkurranse med premie. Huglabutikken minnar om at dersom du handlar på Nærbutikken, støttar du nærmiljøet som eit levande samfunn. Velkomen til hyggjeleg handel!

Detaljar

Haustteikn

Eit sikkert haustteikn er det at no er det for seint å leita etter dei postane du ikkje fann i sommer.  Regelen er at postane ligg ute frå påske til 1.oktober.  Sjølvsagt tar det litt tid før eldsjelane i Huglo Idrettslag får tatt alle turane som må til for å ta inn dei oransje og…

Detaljar