Sers vellukka Kaidag

Kva som trakk mest, underhaldninga av butikkpersonalet eller det strålande veret eller dei nydelege kakene? – i alle fall må det ha vore ny rekord i frammøte denne dagen.  Innpå 200 menneske, store og små, med og utan hund, var samla på kaien på Nordhuglo til ein kjempehyggeleg laurdag. Det fyrste som hende, var at…

Detaljar

Maling

Det blei gjort ein solid maleinnsats ved forrige dugnad, men det er framleis mogleg å hjelpe til med resten. Det vert dugnad fredag 12. juli og laurdag 13.juli klokka 10.00.   Om me ikkje blir ferdig blir det også mogleg å bidra neste veke. Ta kontakt på tlf 91132717 om du ynskjer å hjelpa til. …

Detaljar

Kaidag f.k. laurdag

Ein har ikkje meir moro enn den ein lagar sjølv, seies det.  Og nå er det på tide at det skjer noko moro mens me ventar på sumaren.  Så laurdag 13. denne månaden lagar Huglabutikken AS til ein Kaidag.  Festen startar kl. 13. Det vert kafé, utlodning, gjettekonkurranse med premiar, og mest spanande av alt: …

Detaljar

Badetemperatur?

14 grader i Huglavikjo, litt varmare i Tveitevågen.  Kor er sumaren?  I veka som kjem, vert temperaturen lågere, seier yr. “Mest regn på Vestlandet” seier værmannen på NRK1.  Synd varmen er så ujamt fordelt, Paris kunne nok vera klar til å dela litt på heitebølgen dei har.  Når vert det vår tur til å kjenna…

Detaljar

Jonsokkveld på Huglo

Sola og det store, flotte bålet konkurrerte om å varma best.  Bålet vann, men sola varte lengst!  Nydeleg kveld for store og små huglarar frå 1/2 år gamal og opp til 90-åringane.  Takk til Huglo Idrettslag som arrangerte.  Her er nokre glimt frå kvelden:        

Detaljar

Kva er dei godt for?

No, når badetemperaturen er på veg oppover:  12,5 grad i Huglavikjo i dag, har me fått ei anna landeplage enn iskaldt vatn.  Huglavikjo er invadert av brennmaneter!!  Tett i tett kom dei symjande innover.  Det er umogleg å setta ein fot i vatnet dersom du ikkje vil verta brent. Den sviande smerten varar ikkje meir…

Detaljar

Blåskjelvarsel

Mattilsynet har sine positive sider, også.  Til dei høyrer regelbundne vassprøver og prøver av skjel langs kysten vår.  For Sunnhordland er prøveplassen på Bømlo.  Til no har me kunna kose oss med eigenfiska  blåskjel.  Men siste varselet seier:  IKKJE spis sjel!  Skjela har forekomst av nervegifta PSP over faregrensa (Paralytic Shellfish Poisoning toksin).  Fyrste symtom…

Detaljar

Dette likar me!

Sundag auste det ned, alt var søkkvått og det var mange fleire bekkar  enn dei som sto på kartet.  Då er det ekstra oppmuntrande at posten, i staden for å vera gjøymt mellom “lite stup” og nokre digre einerbuskar, lar seg sjå på minst 50 meters avstand.  Me ynskjer oss fleire slike postar!  Ivrig klyv…

Detaljar

Grøn fjord

Nå har me hatt et par varme dagar, men badetemperaturen er framleis berre for dei mest interesserte:  Huglavikjo 11 grader.  Erfaring seier at da er det to grader meir i Tveitevågen. Mange av turistane våre har undra seg over den grøne fjorden.  Er den farleg for sjømaten, m.a.o. kan me eta det me tar opp…

Detaljar

Ein strålande 17. mai

Kombinasjonen av det strålande veret og ein flink 17. mai komité gjorde 17. mai 2019 til ein dag me vil hugsa lenge!  Og som prost Theodorsen sa:  Dette må me seia takk for! Her er nokre glimt frå den felles feiringa: Flaggheising Primus Motor for musikken Fiskedam med fiskelukka Martin hadde 17.mai-pynta permobilen sin Meisternes…

Detaljar

Fornying

Endeleg!  Og takk til Lars som har laga nye blomekassar på skuleplassen.  No er plassen klar for 17.mai. Og på kaia er det planta jordbær i kassane, i tillegg til staudane prestekragar og forglemmeiei.  Så til sommaren kan du ta deg eit jordbær mens du ventar på ferja.

Detaljar

Ny hobby?

Huglo Bygdekvinnelag hadde i går kurs i fotografering med pinhole-teknikk.  Lærer Kathrine var tålmodig, og deltakarane entusiastiske.  Me oppdaga fort at jo fleire erfaringar, jo meir spanande vart bileta.  Utruleg kva ein kan få til med ein tom fiskebollboks med eit bitte-bitte lite hol i, ein bit fotopapir og ei lystett hette.  Og så må…

Detaljar

17. mai

Det er meldt fint ver, og alt ligg til rette for ei flott 17. maifeiring på Huglo. Programmet er som det pleier å vere:   Kl. 10.30 flaggheising på skuleplassen Kl. 11.00 gudsteneste 17. maitog – korpset spelar Ord for dagen v/Ellen Marie Nordtveit   17. maifest i skulen: – Matøkt (ta med mat og…

Detaljar

17.mai dugnad 9. mai

17.mai-komitéen og HBL seier velkommen til 17.mai-dugnad på skuleplassen og i gymsalen torsdag 9. mai frå kl 17. Plassen skal ryddast og rakast, og inne skal det vaskas for å gjera alt klart til den store dagen. Har du, så ta med reiskap som hekksaks, spade, rake . . . . Vel møtt!

Detaljar

Vårkonserten

Tysnes Kammerkor, under leiing av dirigenten Trent Bruner – held tirsdag vårkonsert i Huglo Bedehus. Frisk song og vakre, rolege songar, alt framført med smil og entusiasme for eit takknemleg publikum.  Stemninga var sett frå starten, då Hans Ole Dalland innleide med å snakka om det gode samarbeide mellom Tysnes og Huglo.  Han nemde særskilt…

Detaljar

Ny huglar

Ingri Hammer flytta til Huglo i fjor sumar med sitt blide og imøtekommande vesen. Eg lurte på kva ho har gjort på før ho kom til øya og kor ho kjem i frå. Og det fekkk eg vite. Ingri har jobba som lærar i mange år, men før det jobba ho innan landbruket med sau…

Detaljar