Endeleg kommunalt vatn på Tveit

Denne veka har fleire husstander på Tveit endeleg fått kopla seg på det kommunale vatnet. Arbeidet med å leggje leidningar starta i fjor vinter. Det har i fleire år vore spurt om kommunen kunne leggje vassleidningar vidare frå Sandveibrekko til Tveit. Det var difor ei positiv overrasking da kommuen fant midlar til å kome med…

Detaljar

Bokbåten Epos’ vårtur

Bokbåten kjem til Huglo torsdag 7. mars, kl. 17.30 til 19.00. Kulturprogrammet startar kl. 17.30.  På denne turen er det språk, musikk og lyd som står i sentrum, med Sofia og Eliana frå Sverige og Italia. Bokåret 2019 er no i gang.  Det er 500 år sidan den første boka vart trykt i Noreg.  Og…

Detaljar

Motorsagkurs

Det vert motorsagkurs på Huglo 8-9 mars. Fredag kveld vert det teori med stell og vedlikehald av motorsag, tryggleik, filing og teknikk m.m. Laurdag vert det praktisk øving, deltakarane må ha sag og verneutstyr sjølve. Kurshaldar er Eivind Lien.   For påmelding og meir info, Erik Willgohs 901 45 359. Pris ca 2000

Detaljar

Breiflabb på bordet

Den siste tida har breiflabb vore oftare i garnet enn lyr!  Og dette er verkeleg festmat. Det krev ein skarp kniv å få filetert halen og reinska han for dei kvite hinnene, men når jobben er gjort, står du igjen med to filéar som ein Michelin-restaurant ville misunt deg. Dei kan godt liggja i kjøleskapet…

Detaljar

Gratis tilkjøyrd strøsand

Denne kunngjeringa sto i bladet Sunnhordland på mondag.  Det samme står på kommunen si nettside, under eigedom/veg og parkering/strøsand (sjå nederst på innlegget).  Etter ein rask telefon til kommunen sitt telefonnummer, som sto i annonsen, var svaret at “Ja, dette burde jo og gjelda Huglo, men ??”  og ho lova å spørja “han som har…

Detaljar

Gudstenester og møter i Bedehuset jan. – mars

Alle aktivitetane vert og lagt inn i kalenderen, men her er ei førebels liste: Gudstenester 27. januar og 10.mars, 18. april (Skjærtorsdag) Møter Januar:  22.: Muslimmisjonen, 24.:Indremisjonen, 27.: Misjonsselskapet Februar:   5.: Misjonssambandet, 14.: Indremisjonen, 21.:Israelmisjonen Mars:        12.: Normisjon,  21.: Indremisjonen   6. februar:  Fleire møter Israelmisjonen flytta frå 21. februar til…

Detaljar

Autopass for ferje

Er du litt usikker på korleis dette nye fungerer?  Her skal me prøve å gje  informasjon: Har du brikke for passering på veg i bilen?  Då kan du oppretta ny avtale for AutoPASS for ferje på internett: autopassferje.no.. I vårt distrikt kan (førebels)brikka berre nyttas som betalingsmiddel i sambandet Halhjem-Sandvikvåg og Mortavik-Artsvågen.  Det “gamle” ferjekortet…

Detaljar

Biblioteket våren 2019

  Følgjande er henta frå boka “Anvisning til at gøre lykke hos herrene” (1860). Heldigvis er det ikkje 1860, men 2019, og også denne våren  vert det utlån frå Huglo filial av Stord Folkebibliotek.  Vår trufaste bibliotekar Åse er på plass i søre skulestova desse datoane: Januar:  Torsdag 10. og 24. Februar: Torsdag 7. og…

Detaljar

The Best Julakonsert Ever!

Samarack må ha meg unnskylt, at eg siterer han med ein liten vri.  I ein stappfull gymsal opna Huglo Skulekorps (som spelar i klassen generasjonskorps) konserten med ein Jubileumsmarsj.  Særs høveleg, for i salen sat 80års-jubilanten Sigrunn.  Elles var, som vanleg på Huglo, alle generasjonar til stades, frå 4 månader til eldstemann 88 år. Jubileumsmarsjen…

Detaljar

Freistar til gjentaking

Iver, gode idéar og arbeidsglede for å laga fin julepynt prega juleverkstaden Huglo Bygdekvinnelag arrangerte i dag, sundag.  Både barn og vaksne kosa seg med å laga eigen julepynt, og to gryter med julegraut var tome før oppryddinga.  Dette må me gjenta neste år!                 . .

Detaljar

Julekonsert

Tradisjonen tru arrangerer Huglo skulekorps julekonsert i skulen i starten av desember. Årets konsert vert sundag 9.deseber klokka 16.00 i skulen, det vert åresal, kaker og kaffi. Korpset spelar og songlaget stordabuen syng. I år kjem også Endre og Jan Tufteland og speler på fløyte og marimba. Vel møtt til julekonsert! Me kan nesten garantere god…

Detaljar