Juleverkstad

Huglo Bygdekvinnelag innbyr alle, små og store, til juleverkstad 2. desember, i søre skulestova.  Me startar kl 13 og avsluttar ca. kl. 16.  Bygdekvinnelaget har noko materiale, men det er fint om du tar med deg noko sjølv òg, og reidskap du vil nytta. Me byr på graut og rød saft. Hjarteleg velkomen til ein…

Detaljar

Siger til Huglo skulekorps!

Laurdag deltok Huglo skulekorps på “bømloblåsen”, konkurransen vart arrangert i Bømlo kulturhus. Lokalavisa “bømlo-nytt” skreiv før helga at det var rekordpåmelding til årets konkurranse med 11 påmeldte korps. Huglo skulekorps deltok i klassen “generasjonskorps” og vart best i sin klasse! Me gratulerer Huglo skulekoprs med ein flott innsats, det var kjekt! Delar av programmet frå…

Detaljar

Kva skjer?

  Ferja Folgefonn har no i fleire dagar gått fram og tilbake i fjorden og lista seg inn i ferjestø både på Hodnanes, Jektevik og her på Huglo.  Utan å vera i trafikk.  Dei som meiner dei har greie på det, seier at ho trenar på å gå inn i hamn på autopilot!  Og sidan…

Detaljar

Haustmøte

Stikkord frå haustmøtet til Huglo bygdelag 08.11.18. –    Gjennomgang av saker som har vore til handsaming. Driftsstyret orienterer om deira arbeid. Sosialt innslag ved Johanne Øvstebø Tvedten. Mat og kaffi   Styremøter. Styret har hatt 6 styremøter   Vegen til Vikasanden var i dårleg stand. I samband med opparbeiding av nausttomt ved Vikasanden har…

Detaljar

Ferjebytte?

Ganske forskrekka mottok me meldingen om at det ville verta “fartøybyte” i sambandet vårt i føremiddag.  Me skulle få Hardingen!  Der ser ein ikkje kor ein er før lemmen er lagt ned så høge er veggane, og skal ein vera sosial, er det omtrent 100 trinn i oppoverbakke før ein er i salongen.  Men heldigvis,…

Detaljar

Haustmøte i Huglo Bygdalag

Omnshuset var denne gangen ramma om eit sers vellykke og hyggeleg haustmøte i Huglo Bygdalag.  Både eldste fastbuande huglar og den yngste var tilstades og fekk oppleva Johanna Øvstebø Tvedten fortelja og dramatisera Jens Tvedt sine to bøker Madli under apalen og Guds løn. Ein utruleg flott framstilling som me kjem til å hugsa lenge!…

Detaljar

Bibliotekfilialen på Huglo

Vår blide bibliotekar, Åse, minner om åpningstidene for resten av hausten: onsdag 7. november NB ikkje torsdag torsdag 22. november torsdag 6. desember alle dager frå klokka 18 til 19 på Huglo skule, øvre inngang. Du kan bestilla bøker frå hovudbiblioteket på Leirvik og få bøkene sendt med internposten til Huglo. Hugs å sikra deg…

Detaljar

Bokbåten Epos kjem

Bokbåten klappar til kaien på Sørhuglo kl 10.30 og vert liggjande til kl 12.00, 10.11.18.  Dei som har besøkt båten tidlegare, veit at han har med seg eit imponerande utval av bøker for einkvar alder og smak. Og så har båten alltid med seg eit kulturprogram. Denne gongen får me på Huglo innblikk i norrøne…

Detaljar

Populær Huglamesse

Det var gledeleg stor interesse for Huglamessa!  Kombinasjonen av fint vér, gode kaker, varierte produkter for salg og høve til å treffa kjente, gjorde at gymsalen var full av blide folk både bak utstillarborda og ved kaféborda.  Ca. 110 signaturer i gjesteboka lovar godt for ei ny messe om to år igjen.  Gledeleg er det…

Detaljar

Spørsmål og svar

Om ikkje omsettinga auka nemneverdig, var det ein hyggjeleg dag på Huglabutikken på Nærbutikkens Dag.  Folk sat ned og det gjekk mykje kake, og diskusjonen gjekk om spørsmåla Wenche hadde laga om butikken.  Ho fortel at ho kosa seg då ho leste svara, over engasjementet og dei fantasifulle svara.  Faktisk sprikte svara såpass at vinnaren…

Detaljar

Nærbutikkens dag på lørdag

På lørdag, (20.d.m.) vert det servert kake, is og kaffe til alle som handlar på Nærbutikken vår, Huglabutikken AS.  Konkurranse med premiar vert det óg. Huglabutikken er med i Merkurprogrammet, som er eit kompetanseprogram for butikkar i distrikts-Norge.  Målsettinga er å utvikle nærbutikken så du får det du trenger av daglegvarer og teneste knytta til…

Detaljar