Mindre enn sju snøflekkar

I dag tidleg var det mindre enn sju snøflekkar å sjå frå Huglo, på Storafjellet.  Då er det etter gamalt greit å starta badesesongen.  12 varmegradar i vatnet i Huglavikjo er kanskje berre for dei spesielt interesserte?  Men det kjentes godt med ein avkjøling i den varmen me hadde i dag. Og så gjel gauken…

Detaljar

To dugnadar

Dugnadar er mellom dei mest huglarske ting som finst.  Og no er det to dugnadar dei neste to vekene: 1. mai kl 17 er det dugnad i Huglo Bedehuskapell 14. mai er det 17. mai-dugnad i og ved skulen frå kl. 18.  Me samlast for å gjera skuleplassen og skulen klar til den store dagen.…

Detaljar

huglo.no

No jobbar me hardt for å få opp manglande delar av sida, og håpar å få til litt nytt også – så langt pengesekken rekk.  Har du bilete som du vil dela med oss? Gode bilete frå den fine øya vår?  Flott om du vil bidra til fornying av bileta på nettsida. Bilete kan sendast…

Detaljar

Korpskonsert med korpsbasar

Kva ville 17.mai, julegudstenesta, julekonserten, opning av julegata . . . . vore utan Korpset vårt?  Opptil 14 musikantar med tilknyting til Huglo spelar ved store høve.  Korpset er òg et tilbod til ungar på Huglo som vil vera med i “skulekorps” og lera å spela eit instrument. Sjølvsagt kostar dette pengar.  Dirigent, instrumentar, notar…

Detaljar

Den Store Ryddedagen

Fekk du kasta den gamle raude lenestolen, den som katta hadde kvest klørne på, i fjor?  Ikke det?  Nå har du ein ny sjanse.  Det vert stor ryddedag på Huglo laurdag. 28.april Konteinarane frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS kjem med ferja kl 9.15.  Det vert sortering, eigen conteinar til elektro-avfal, kuldemøblar, farleg avfall, og så…

Detaljar

Gøy med quiz!

Vel 40 quizarar, alder frå tidleg barneskule til langt etter pensjonering, vart leia av ein myndig Lars Olai gjennom varierte og morosame spørsmål på fredagskvelden. Moro fordi spørsmåla var så varierte at alle deltakarane på dei 8 laga kunne koma med innspel til svar, god tid til å tenkja og kanskje prata litt òg, og…

Detaljar

Påskebasaren

Kva er det som får omtrent 100 mennesker, den yngste kanskje ein månad gamal, den eldste 87 år, til å sitja trongt i dårleg luft i timavis, kjøpa årar for fleire hundre kroner og kanskje vinna 3 vaskeklutar på ein laurdags ettermiddag?  Ei handfull huglarar, resten barn, barnebarn, medbrakte og inngifte med tilknytning men ikkje…

Detaljar

Ennå eit vårteikn!

Bedehusbasaren Palmelaurdag og turen til Varden Palmesøndag er faste vårteikn på Huglo.  Men det beste er, meinar underteikna, at postane i turorienteringa er på plass!  Det har me glede av langt utover sumaren og hausten.  Kartene kan me kjøpa på Huglabutikken, det er dei store, kvite, umerka konvoluttane i bladhylla.  Pris kr. 200 som går…

Detaljar

Hugladag 2018 ?

MØTE Huglo Bygdelag inviterar til møte den 15. mars i søre skulestove i Huglo skule kl. 19.30. Tema for møte vert HUGLADAG – skal me ha det i år? I så fall må ei prosjektgruppe på plass.   Alle er velkomne.   Arr.  Huglo Bygdelag.                   .…

Detaljar

Årsrapport 2017 Huglo Bygdalag

Årsmelding. Har hatt 9 styremøter. Vikasanden. Har utført vedlikehold på badeflåte. Det er rydda bort stuar etter rotvelte . Bør utføra noko vedlikehold. Terrenget har sett seg nokre plassar og bru over bekk bør ordnast.   Vatn og avlaup. Leidning med vatn og avlaup vert lagt ned frå Reset til sjøen. Spillvasstank vert lagt oppom…

Detaljar

Huglo Idrettslag

Huglo Idrettslag har hatt årsmøte.  Regnskapet var revidert og var godkjent.   Økonomien er god, det er gjort investeringar i kajakker og til treningsrommet på skulen.  Inntekta kjem frå kartsalg, medlemskap, offentleg støtte og arrangementer m.m. Å telja opp frå postane i turorienteringa har vist seg særs arbeidskrevjande.  Arbeidet med dette er ennå ikkje sluttført. …

Detaljar

Huglamesse 2018

Javisst, i år er det Huglamesse!  Alle som har noko å bidra med, kan forbereda seg til 27. oktober.  Og sidan dette er 10års jubileum, har Huglo Bygdekvinnelag, som arrangerer disse messene, invitert to gjestteutstillarar/selgarar:  Johanne Langeland og Tor Magne Taranger. Me gler oss!    

Detaljar

Hyggeleg samankomst

Det går an å koma saman utan eigentleg å skulle noko anna enn å vera saman, utan dagsorden og møtesakar.  Ein slik samankomst er eldretreffa på Huglo.  God mat, eit hyggeleg og varmt lokale og god tid til drøs og det vert ein god dag.  Sist tirsdag var 14 huglarar samla på Fredheim Gard i…

Detaljar

Bokbåten kjem

  10. mars kjem bokbåten Epos- Vestlandet sitt flytande litteraturhus – igjen til Huglo.  Som alltid har han med seg bøker og gode råd til den som vil finne noko heilt spesielt å lesa. Båten vert liggjande ved kai på Sørhuglo frå kl. 13.00 til 14.30.  Frå ca. kl. 13.00 underheld Merete Gauden med “Eventurmuseet”.…

Detaljar