Strandrydding torsdag 24. august

  I samarbeide med Huglo Bygdekvinnelag arrangerte Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor og Statens Naturoppsyn strandrydding i  Brandvik landskapsvernområde.  Det vart samla inn 7 m3 med boss, som vil verta henta med båt av Friluftsrådet Vest over helga.  Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) stiller med konteinar på Stord Hamnestell sin kai og sørgjer for levering…

Detaljar

Havrettsafta

Huglo ungdomslag ynskjer velkommen til det årlege matgildet i Fjellheim, laurdag 7.oktober klokka 20.00. John Almaas spelar til dans! Påmelding innan tysdag 3.oktober. Sjå bilete frå havrettsafta 2016 her.  Inngangspris kr 400 (medlemmar kr 300) I fjor vart det fullt hus! Bindande påmelding til Astrid Eikeland Tlf: 53 49 56 44, eller Janne Eikeland 47600978.…

Detaljar

Skapte stemning

Sjølv i ausande regn skapte desse to karane frå Ustedal god stemning laurdag føremiddag, foran Huglabutikken.  Smart å ha med songhefte og dela ut, då kunne folk syngja med og det gjorde dei.  Særleg songen om Fanaråken, den skulle folk kunne så godt når allsongstunda var over, at dei gjekk nynnande heim. 4 huglarar/hyttefolk vart…

Detaljar

Varden opp

Huglo idrettslag sitt årlege motbakkekkeløpet til den høgaste toppen på Huglo, gjekk av stabelen laurdag. Flott insatsa av deltakarane!   Alle deltakerne: Herrer: Jørgen Austvik                       14.27 Kjetil Sømoe                          18.43 Are Sortland                          19.53 Dag Lægreid                          21.06 Nils Henrik Elde                    36.26 Damer Ingrid Lægreid 31.06 Janne Alendal…

Detaljar

Huglabutikken 10 år!

Huglabutikken feirar 10 år! Dagen vart feira laurdag 22.juli med gratis kaffi, kaker, is og trekkspelmusikk. Det er kjekt med liv og røre rundt den flotte butikken vår! Takk for 10 år!   Her kan du sjå tilbake på noko av det me har skreve på huglo.no om butikken: Vaktskifte i butikken Gjestebrygga Nærgåande sjø…

Detaljar

Konsert i ungdomshuset

Torsdag 20. juli vert det konsert i ungdomshuset kl. 17.00.  Det er Cecelie Anna og Vise-Vidar som kjem til Huglo med songar frå Cecelie Anna si komande soloplate “I’m Here”.  Vise-Vidar varmar opp med eigne viser og han har og stilt si silkerøyst til disposisjon på Cecelia Anna sin del av konserten.  Dette vert ei…

Detaljar

Sommermarkedet

Det var nok fleire varer enn kjøparer på Nordhuglo laurdag føremiddag, men nokon kjøparer syntes dei gjorde eit kupp, og nokon seljarar gjekk nokså nøgde heim.  Her var loppemarkedvarer for kr. 1,- og ein båt til kr. 1.500,-, alså litt for einkvar smak og pengepung. Kake- og kaffesalget, og grillmatsalget som Huglo Idrettslag sto for,…

Detaljar

Post 12

Jo da, den er der den skal vera!  Men ikkje så lett å få auga på sånn med ein gong.  Berre ikkje gje opp. Og til dei som ennå ikkje har starta på turorienteringa/postaleitinga:  Nokon gong treng ein godt fottøy og litt tolmod, men gleda er stor når ein kan seia:  Der er han!! Posten,…

Detaljar

Jonsokafta på Leiropodlen

Det skal meir til enn regn til å skremma huglarar frå å feira Jonsok!  Og når dugnadsgjengen hadde satt opp partytelt med bord og benkar, og serverte tradisjonell grillmat, vart det ein fin Jonsokafta sjølv utan værgudanes samarbeide. Takk til alle som bidrog, særleg med jobbing, men òg med frammøte!  Alltid kjekt å halda vedlike…

Detaljar

Gjestebrygga

  Nå vert gjestebrygga  på Nordhuglomeir stabil i samanføyninga.  Stormen Nina (med orkan i kastene) øydela festet mellom dei to delane av flytebrygga, så dei siste to åra har brygga vore bundet saman med solid tauverk, mens dei ansvarlege, mest styret for Huglabutikken, har diskutert korleis dette skulle verta reparert utan at det kosta meir…

Detaljar

Posten

Slik ser det nye postbudet vårt, Andrea, ut.  Enno strevar ho litt med folk som ikkje vil visa kor dei vil ha posten sin levert, men dei fleste huglarane har no skaffa seg navn på postkassen.  Me var grundig bortskjemte med Eli, ho kjende kvar einaste postkasse på heile øyo! Det kommer ikkje nokon raud Postman…

Detaljar

Sommermarked 1. juli

I år arrangerer Huglabutikken og Huglo Bygdekvinnelag  sommermarked på kaia på Nordhuglo.  Dagen er 1. juli!!  Markedet er to-delt:  Alle kan selja kva de vil selja for seg sjølv, og så vert det loppemarked til inntekt for Kirkens Bymisjon på Stord.  Dei som har noko dei vil at skal seljast på loppemarkedet, kan levera tingene…

Detaljar