Sommermarked 1. juli

I år arrangerer Huglabutikken og Huglo Bygdekvinnelag  sommermarked på kaia på Nordhuglo.  Dagen er 1. juli!!  Markedet er to-delt:  Alle kan selja kva de vil selja for seg sjølv, og så vert det loppemarked til inntekt for Kirkens Bymisjon på Stord.  Dei som har noko dei vil at skal seljast på loppemarkedet, kan levera tingene…

Detaljar

Meir frå 17.mai på Huglo

Det var sjølvsagt 17.mai-fest i bedehuset på nasjonaldagen. Pauseunderhaldninga mellom pølser og  gode blautkaker var i år dikt. Grupper på 6-7 personar fekk denne oppgåva: Lag eit dikt med enderim, 2 vers med 4 linjer. Diktet må innehalda desse orda: varme – hage – fjorden – mygg Gruppa skal framføra verket       Her kan du lesa dikta…

Detaljar

Fellestur Haukanes – Nordhuglo

Me var 4 vaksne, to barn og ein hund som gjekk frå Haukanes til Nordhuglo i vekslande terreng og særs vekslande ver.  Men ein flott tur er det, og litt regn tåler innbarka huglarar.  Merkinga på Haukanessida kunne vore betre, særleg avdi stien ikkje er like tydeleg alle stader.  Kanskje er det ikkje så mange som…

Detaljar

Solveigs 17. mai tale

Gratulerer med dagen alle saman! Då er dagen her igjen – denne dagen då me finn fram og stryk norske flagg, og tek på oss flotte og staselege nasjonaldrakter, som gjev eit uttrykk for identitet og tilknyting til det norske me sjeldan elles ser. Me samlast på små og store skular i bygd og by,…

Detaljar

17. mai på Huglo

Ein treng ikkje vera huglar for å vera glad for at vermelding er ein unøyaktig vitenskap.  Etter særs dårlege meldingar for i går, fekk me ein utruleg fin solskinnsdag!  Dagen vart akkurat slik med ynskjer:  Sol, smil, fine bunader utan rengtøy utanpå.  Dagen starta med flaggheising på skuleplassen, gudsteneste og 17.maitog der alt som kan krypa…

Detaljar

Sjå Huglo frå sykkelsetet!

  No står det 4 syklar for vaksne ulåste og i open sykkelbu på ferjekaia på Nordhuglo!  Båtfolk, turfolk, hyttefolk og sjølvsagt fastbuande kan låna sykkel for eit døgn om gangen og ta seg ein tur rundt på den fine øyo vår.  I sykkelbua er det og hjelmar, ei sykkelpumpe og ein umbrakonykkel i fall…

Detaljar

Viktig informasjon frå Posten

  Det vert endring i posttenestene på Huglo f.o.m. torsdag 1. juni.  Vårt kjære og trufaste landpostbud ho med den unike lokankjennskapen til namn – og unamna postkassar, Eli, vil frå da av nyta meir  tilværet som bestemor,  og vert pensjonist frå denne datoen.  Då tek Huglabutikken over ansvaret for postomdeling og andre postteneste på Huglo. …

Detaljar

Grunn til å klaga?

  Ja, regnet?  Det starta midt i oktober og har sidan vore ein trufast morgonhelsing.  Ikkje har det hjelpt å klaga  – før no, kanskje?  For no er det betring i sikte i ei heil veke.  Seier yr.  Så har det vidare vore mykje klaging på fisket, og det òg med rette, faktisk.  Fangstane har vore…

Detaljar

Kven har dette vore?

  Denne beingrinda ligg på ein av stiane inn til post 24.  Kven har dette vore, og kvifor ende livet her?  Det er litt av kvart å undras over i naturen.  Hovudskallen manglar, akkurat som i Påskekrimmen på NRK 1, det gjer det vanskelegare å identifisera funnet.  Ei naturoppleving av eit litt anna slag, i…

Detaljar

Maling av skulen

Bygdalaget planlegg maling av sørveggen på skulehuset. Den skal skrapast før grunning og maling, arbeidet vert gjort på dugnad. Stilaset vert montert denne veka, slik at skraping kan starta førstkommande laurdag. Maling krev gode vêrmeldingar, og det vert sett opp tid når vêret tillet det. Første dugnad laurdag 22.april klokka 10.00

Detaljar

Tur til varden

Omlag 35 store og små tok turen til “varden” palmesøndag. Idrettslaget lagde bål på toppen. Yr varsla ikkje sol, men jammen skar ho gjennom det slørtynne skydekket. Både appelsiner og sjokolade gjekk ned på høgkant. Nok ein god påsketradisjon på Huglo.  

Detaljar

Påskebasar

Laurdag ettermiddag var alt klart for å sparke påskeferien i gang med bedehusbasaren. Sjølvsagt var det også i år flotte gevinstar, mykje mat og god stemning! Jørgen Knutsen heldt andakt.   Huglarar til bedehus flokka, til basar og heimstrikka sokka Alle var klar, men ein var snar. Kven var han som vann klokka? Og det…

Detaljar

Orienteringskart

Det vårast og Huglo idrettslag informerar om at orienteringskarta kjem for sal i butikken frå fredag 7.4. Dersom ein ynskjer å bli medlem i idrettslaget 2017, kan medlemskontigenten (200kr) betalast til kontonr. 0533 37 23400. Gløym heller ikkje den årlege turen til varden palmesøndag(kl 12.00), idrettslaget lagar bål på toppen.

Detaljar

Når enden er god . . . .

Etter at ferje-pusen hadde venta i 3 veker på den opprinnelege eigaren, som ikkje melde seg, såg det ut for at avliving var einaste utveg.  Den fine pusen måtte ikkje få ein skjebne som avvist, svolten og frysande villkatt!  I siste liten smelta dei vaksne i ein huglafamilie, og ungane kom sers glade til naustet på…

Detaljar

Strikkedilla?

  Har du strikkedilla?  Veit du at Huglo har sin eigen garnbutikk?  På Fredheim Gard har Turid ein velassortert garnbutikk med Dropsgarn, knappar, oppskrifter, litt lærsaker –  og gode råd på kjøpet.  Og dette er meir enn ein vanlig garnbutikk, her kan du sitja i opningstida og strikka, drikke kaffe med noko attåt og treffa likesinna…

Detaljar