Julekonsert

  Jula er fylt med tradisjoner, så også her på Huglo. Fyrste søndagen i desember får me kvart år storfint besøk av dyktige songarar og musikarar frå songlaget storabuen, i år under leiinga av Torleiv Agdestein. Mange flotte sangnummer med flotte vaksne solister, og ei veldig ung solist med ei flott framføring.      …

Detaljar

Førjulskveld i Fjellheim

Her kjem invitasjonen frå Huglo Bygdekvinnelag til førjulskvelden 9. desember: Spleiselag, altså at alle tar med seg litt mat til eit felles koldtbord.  Bygdekvinnelaget syter for brød, smør, kaffe og dessert.  Du sjølv har med deg drikke til maten.  Festen startar kl. 19.30. Det vert underhaldning, quiz, og utlodding, julemusikk og det er lov til å…

Detaljar

Verdas Minste Julegate opna

  Berre ein einaste butikk i denne gata, verdas minste julegate, kanskje, men då med verdas beste frammøte ved opninga!  45% av innbyggarane på Huglo trossa regn og vind og møtte fram for å høyra korpset spela julesongar, sjå alle lysa i gata og på juletreeet verta tent, og så varma seg på den tradisjonelle…

Detaljar

“Med blikk på kulturlandskapet”

Som alltid på Huglo, var det mykje god kaffemat på sundagskafeen til Huglo Bygdekvinnelag.  Men interessa var endå større for utstillinga av dei 38  flyfotografiene av hus og landskap på Huglo.  Bygdekvinnelaget hadde samla inn bileta og funne fram til dei gamle namna på tuna, og kafegjestane brukte god tid til å studera utstillinga før dei tok for…

Detaljar

Bokbåten kjem 28. november

Mondag 28. november legg bokbåten Epos til ved Tongekaia kl. 17.00.  Kulturprogrammet, som startar med ein gong, er denne gongen Sirkus Bobbini, der den store stjerna er loppa Lola.  Men kva skjer når Lola forsvinn?  Klarar utbryterdronninga Susie og loppesirkusdirektør Cox Pomona å redda sirkuset?  Framsyninga har flott musikk og kreative gjøglerier.  Den høver for dei…

Detaljar

Sundagskafé

Til å vera ei lita øy med snaut 100 fastbuande, er det utrulig mykje aktivitet på Huglo!  Sundag 13.d.m. innbyr Huglo Bygdekvinnelag til kafé i gymsalen på skulen frå kl. 15.  I år er det i gymsalen for å ha veggplass til utstillinga av flyfotos fra Huglo:  “Med blikk på kulturlandskapet”. Som vanleg vert det…

Detaljar

Velkomen til Huglamessa

Fyrstkomande laurdag, 29., vert det tradisjonell Huglamesse i gymsalen på skulen.  Born og vaksne med tilknyting til Huglo visar fram og sel eigne produkt innan eit breit spekter av handverk, handarbeide og ymse anna. Det vert kafé med varm suppe og kaker, te, kaffe og heimelaga saft. Messa er open frå kl. 12 til kl. 15.…

Detaljar

Dugnad

Skulehuset, ute og inne, treng ein rydde og vedlikehaldsdugnad TID. Laurdag 22. 10 kl 10.00 og utover dagen., ta med litt mat til felles lunsj. Me lagar kaffi på skulen . Pølsegrilling mm Arbeidsoppg. Rydde og kasta ting me ikkje vil lagra på lenger. Vask av div rom oppe og nede. Renske takrenner. Saga og…

Detaljar

Musikkorpset

Hei alle nye og gamle musikkantar som kan tenkja seg å vara med å få korpset opp  å gå igjen. Kunne de møta i skulen Fredag 21 oktober kl 1930. så tar me ein prat og ser om me får til noko no i vinter. Fint om foreldra til ev aspirantar også møter. Har de…

Detaljar