Fotokurs

Lær å ta betre bilete! Dersom det vert minst 6 påmeldte, arrangerar Huglo Bygde-kvinnelag i haust fotokurs over 2 kveldar, torsdagane 15. og 22. september.  Instruktør frå Stord Fotoklubb. Kurset er opent for alle.  Pris kr. 200,- for medlemmar og kr. 450,- for andre. Bindande påmelding til Hedvig, tlf 41334436, innan 1.sept.

Detaljar

Igjen ein vellukka Hugladag

Og det til tross for at veret var litt ymse og kanskje ikkje heilt fyrsteklasses for ein sånn dag.  I år var oppturen “Varden opp” arrangert av HIL inkludert i Hugladagen, løparane fekk ein liten dusj i starten, men så skein det opp.  Spreke folk!  Og kjekt at mange av løparane var sers unge.  Vinnar vart  Jørgen…

Detaljar

Hugladag laurdag 6. august

Det vert tradisjonell Hugladag på kaien på Nordhuglo på komande laurdag. “Varden opp” startar, med klassar både for dei som spring og dei som går, frå Huglabutikken kl. 12.00.  Det er høve til å melda seg på til www.deltager.no/vardeløpet 06082016, eller ein kan melda seg direkte på kaien før løpet startar.  Startkontingent kr. 50 pr. person.  Avstanden…

Detaljar

Populært tiltak!

Det var stor tilstrøyming av songglade folk til kaien på Nordhuglo på laurdag.  Dette var noko folk satte pris på – stor takk til Wenche på Huglabutikken som var initiativtakar og arrangør. Og været spelte med på laget, betre kunne det ikkje vera.  Musikantane frå Uskedalen, Kristian Bringedal, Reidar Myklebust og Hans Gustav Musland, stilte…

Detaljar

Allsang på kaien

Laurdag 23. juli kl 15 kjem Kristian Bringedal, Reidar Myklebust og Hans Gustav Musland frå Uskedalen med trekkspel  og gitar til kaien på Nordhuglo for å dela kjende songar og det gode humøret sitt med oss.  Det vert sett ut benkar, men ta gjerne med eigen stol. I pausen er butikken open, og det vert sal…

Detaljar

Huglajakka

No er strikkekufter høgste mote!  Denne utvikla medlemmer av Huglo Bygdekvinnelag ut frå ei gamal kufte som stammar frå Nordhuglo.  Sunnhordland folkemuseum har den i si samling.  Den opprinnelege kufta er strikka i sauefargar, ikkje så fargerike som dei på bileta, og initialene til eigaren, SJNH og årstalet 1846 er strikka inn.  Det er ei spesiell…

Detaljar

Arbeidsgruppe til Hugladag

              Det er planlagt Hugladag laurdag 6. august, og i samband med dette må det lagast ei arbeidsgruppe som arbeider med prosjektet. Huglo Bygdelag inviterer såleis alle som ynskjer å delta i arbeidsgruppa for Hugladagen 2016 til eit møte. Dato: Søndag 3. juli Tid: kl. 14:00 Stad: Huglo skule,…

Detaljar

Idrettsleikar på Huglo

Også i år vert det idrettsskule på Huglo!  Dette er tredje året Huglo Idrettslag får til at det vert ei veke organisert fotball- og friidrett for ungar her på øya, og dei to førre åra har arrangementet vore svært populært.  Flinke og engasjerte leiarar, både vaksne og ungdom, har tilpassa aktivitetane slik at alle har meistra og…

Detaljar

Huglamesse

I år vert det igjen Huglamesse!  Datoen er sett til 29. oktober.  Det er altså god tid til å førebu seg.  Alle med tilknyting til Huglo kan presentera og selgja eigne produkt, og jo fleire utstillare, jo meir variasjon i produkta, jo betre messe.  Denne messa har vore populær både blant produsentar og kjøpelystne.  Særleg fint…

Detaljar