Skjeldan gjest

Denne trana gjekk og kosa seg saman med måsane i den nypløyde åkeren på Nordhuglo.  Etter Cappelen sin bok “Fuglar” skulle arten trane halda seg i “myrområder, ofte i høyereliggende skoger”.  På kartet er den ikkje avmerkt langs kysten i det heile tatt.  Kanskje denne trana, som og andre på to bein, har funne ut…

Detaljar

Kvite striper

No er og dei kvite stripene på plass!  Det er rein luksus å kjøyra på vegane på Huglo no – i alle fall dersom du ikkje har ein trailer som skal fram.  Det er nesten så at ein kan kjøyra tur berre for å nyta vegen!

Familieforetaket

Mange har kanskje fått øyrene opp for Bandet til Cecilie Anna Hope, Familieforetaket. 4.juni slepp dei debutalbumet sitt “going north”, i den anlednng held dei releasekonsert på Osvald Pub på Stord.  Albumet får du kjøpt på Huglabutikken!

Dugnad på Vikasanden 28. mai

            Det vert herved invitert til dugnad laurdag 28. mai frå kl. 16:00 på Vikasanden. Dugnaden omfattar rydding av stranda for plast, tare og liknande. Ordna og setja ut badeflåten, og klargjere bakken og strandområdet for ein ny sesong. Fint om du tek med deg verktøy, spade, rive og liknande til formålet.…

Detaljar

Flott feiring på Huglo

Bra ver, mykje folk, populære aktivitetar og ikkje mynst mykje forarbeide gjorde at 17. mai feiringa på Huglo var sers vellukka.  Kva for ein annan stad med så få fastbuande man mønstra musikkorps med 13 spelarar?  I år var Huglo Bygdekvinnelag ansvarleg for arrangementet, men her var fleire gode hjelparar både før og etter. Me…

Detaljar

Brødrene Nordstrand til Huglo Bedehus

    Søndag 29. mai kl. 17.00 får Huglo Bedehus besøk av ”Brødrene Nordstrand” frå Austevoll, ein trio   med brødrene Jan-Tørres, Terje og Per Nordstrand. I meir en 40 år har dei sunge evangeliet på bedehus, i kyrkjer og i andre samanhenger. Dei har også delteke på gospelfestivaler i utlandet. M.a. har dei delteke på…

Detaljar

Post 8

Her er post 8 – betekna som “Skar”.  “Sprekk” er eit anna namn, som høver like godt.  Posten ligg akkurat der den ligg på kartet, og startar du frå 1913, opplever du stor meistringsglede når du får auga på han.  Då har du forsert 101 brakjebuskar og store vindfall som du må gå rundt, eller klatra over…

Detaljar

“Garasjesalg” på Huglo skule

Total inntekt av ryddesalet vart ca. kr. 26.500,- inkl. sal av mat. Det var stor interesse og særs godt frammøte då driftsstyret for  skulebygningen arrangerte ryddesalg med kafè.  Her var bøker, spel, diverse plansjar og møbel lagt ut for sal. Det fyrste som fekk kjøpar, var globusen.  Dei gamle plansjane var òg populære, men snikkarbenkene…

Detaljar

Vyborg-basar

Det vert kafè og loddsal til inntekt for arbeidet i Vyborg i Russland 22. mai kl. 15.00.  Stedet er Huglo Bedehus.  Sjølvsagt mykje god kafèmat, men òg orientering om arbeidet i Vyborg:  praktisk hjelp til svakstilte vaksne og barn kombinert med evangelisering. Hjarteleg velkomen til alle!

Detaljar

17. mai på Huglo

Det vert tradisjonell 17. mai på Huglo i år òg.  Me startar med flaggheising og nasjonalsong på skuleplassen kl. 10.30.  Ord for dagen vert anten her eller i gymsalen, avhengig av veret.  Det vert gudsteneste kl. 11.00, så går me i tog med Huglo Musikkorps i spissen. Til matøkta i gymsalen tek alle med seg…

Detaljar

Ryddesal i skulen 14. mai

Laurdag 14. mai, kl. 14.30 – 18.00 blir det halde ryddesal ved Huglo skule til inntekt for drift og vedlikehald av bygget. Her kan du få kjøpt ulike skattar i form av bøker, stolar, gamle skuleplansjar og forskjellig anna. Det blir loddsal og auksjon på flotte store skulekart (ca. kl 16.00). Kafe med sal av…

Detaljar

Turorienteringa

Inga sak å få med seg ellers late ungar på tur når målet er å finna ein post!  Og på posten vankar det ein liten godbit både til folk og hund.  Det er mange namn på listane i glasa allereie, men fleire hyttefolk er velkomne på post!  Og aldri er vel skogen vakrare enn no…

Detaljar

Kven saknar meg?

Denne fine pusen har den siste tida gått omkring på Nordhuglo,  veldig svolten, pratsomt mjauande på litt avstand, men for sky til å la seg klappast.  Dette er ikkje ein villkatt, den er van med å få maten servert, men av kven? Eigaren kan kontakta Hedvig, tlf 41334436.  

Detaljar

Blomesal på Huglo

Øystein Krossgått kjem med blomebilen til Huglo.  Det vert sal av blomar på kaien på Nordhuglo laurdag 14. og 28. mai frå kl. 9.15.  Øystein er utdanna gartnar,  han driv Ekornsæters Gartneri, og han gjev gjerne råd om ein ynskjer hjelp.  Til Huglo tek han med seg eit godt utval i sumarblomar, stauder, roser, buskar…

Detaljar