Invitasjon til skipsdåp

Redningsselskapet har nyleg fått ny ”Eliasbåt”. Denne båten skal vera stasjonert på Stord og vil bli nytta til å læra sjøvett til born og unge. Båten har fått namnet EHMF ØYLIV etter bulystprosjektet som Huglo er del av saman med Espevær, Møkster og Fjelberg (EHMF). Øyene våre vil vidare få førsteretten til å nytta båten kostnadsfritt,…

Detaljar

MF Gloppen

Nei, det er nok ikkje p.g.a. stor bursdagsfeiring på Huglo at me har fått ei slik storferja.  Den er sett inn for å ta trafikken til Tysnesfest, og etter at Tusnesfest er slutt, er det nok tilbake til gamle Strand.  Folgefonn vert liggjande i Valevåg ut året, seier dei som skulle ha greie på det.

Markedsdag

Laurdagen arrangerte Huglabutikken AS bruktmarked på ferjekaia på Nordhuglo.  Utroleg kor mykje ting og saker folk har i skap og skuffar, som dei sjølv ikkje har bruk for!  Prisane sa at her gjalt det ikkje så mykje å tena penger som å ha det moro.  Han som tilbaud bondeantikvitetar til ein billeg penge, solte nok…

Detaljar

Har du det me treng..?

No nærmar det seg festival, og om under ein månad brakar det laus på fabrikken! For at festivalområdet skal bli minst like flott som sist, treng me di hjelp. Fabrikkstyret vil gjerne låne følgande ting til festivalhelga: – Pallar – Partytelt i ulike storleikar – Belysning (lyslenker til ute- og innebruk og andre lamper) –…

Detaljar

Badetemperaturen

No er det sumar og ferie.  Då høyrer bading i fjorden med til dei aktivitetane ein berre MÅ få med seg – ingen retteleg sumarferie utan badeliv!  Så det er berre å hoppa i det!  Til orientering er temperaturen i huglavikjo i dag 13 grader.  God sumarbading!

Troll på Huglo?

Sjølvsagt er det troll på Huglo!  Så mange fine stader å bu for ein trollfamilie som her skal ein – eller trolla – leita lenge etter.  Me ser dei ikkje så ofte – dei tåler jo ikkje solskin, helst ikkje dagslys.  Biletet visar ein stakkar som ikkje rakk heim før sola rann.  Han er dømt…

Detaljar

Film frå Huglo

Det mange kreative unge på Huglo, både fastbuande og tilreisande. Jack Lowe har saman med familie og venner laga fleire filmprosjekt under sommarferie på Huglo. Her kan ein sjå flott natur, kreativt skodespel og lokale heltar. Her kan du nokre av dei: – Dag – the Troll hunter interview  – The Chronicles Of Tomrin  …

Detaljar

Jonsokfeiring

I tradisjonell ånd, startar jonsokfeiringa med fotballkamp mellom fastbuande og hyttefolk. Møt opp på Leirvikestølen kl. 18.00 for årets viktigaste fotballkamp! Kl. 20.00 blir bålet på Leiro tent. Her blir det sal av grillmat og brus. Velkomen!

Detaljar

Vil Vaka

Cecilie Rønhovde vil ynskja velkommen til Vil Vaka 19.-21. juni 2015 Fitjar/Torsdagsøy! Ein arena for kunst og musikk av folk som held seg litt i bakgrunnen. Ikkje for alle er det like lett å blesa ut på Facebook om det ein driv på med, men likevel kan ein ha mykje på hjarta! Me viser fram Roald…

Detaljar

Badegjestar

På Huglo kan du ha høns – og enda til hane! (Det kan du ikkje i ein tettstad, haner kan vera ganske høgrøysta).  Har du hane, vert det kyllingar dersom du let naturen gå sin gang.  Rugehøner vert veldig gode hønemødre, dei varmar og oppdrar kyllingane til dugelege borgarer i hønseflokken.  Men i dette høve…

Detaljar