Badegjestar

På Huglo kan du ha høns – og enda til hane! (Det kan du ikkje i ein tettstad, haner kan vera ganske høgrøysta).  Har du hane, vert det kyllingar dersom du let naturen gå sin gang.  Rugehøner vert veldig gode hønemødre, dei varmar og oppdrar kyllingane til dugelege borgarer i hønseflokken.  Men i dette høve…

Detaljar

Kva er dette?

Her er kome ei lita hytte/eit skur på ferjekaien – lurer du på kva det skal nyttast til?  Jo, det er skuret til utleigesyklane  som er kjøpt inn i prosjektet Bulyst.  Blide elevar fra Stord Vidaregåande skule, tømrarlinjen, forsterka med eit par elevar som hadde vore med i byggeprosjektet då dei gjekk på ungdomsskulen, var og…

Detaljar

Meir nytt frå Fabrikken2015!

Vårsleppet er i gang på Fabrikken 2015! Finn ut meir om sommarens høgdepunkt her! No kan du også kjøpa billetane dine på Huglabutikken! Eller du kan kjøpa dei her. “24 – 25 juli 2015 er fabrikken på Huglo nok ein gang klare for å levere deg den finaste musikken, beste maten og sommaren si garantert trivelegaste festivaloppleving.…

Detaljar

Fabrikken 2015 og gode råvarer

På Fabrikken2015 ønskjer me å servere god og lokal mat. Har du mykje godsaker i åker eller hagen din er me derfor svært interessert i å kjøpe gode lokale råvarer frå Huglo. Her kjem ei liste over nokre av ingrediensar me treng til restauranten på Fabrikken: – Agurk– Tomat– Salat– Raudløk– Reddik– Purre– Dill– Persille–…

Detaljar

Generalforsamling i Huglabutikken AS

På den ordinære generalforsamlingen i Huglabutikken AS møtte 15 aksjonærer pluss ein representant frå kommunen, Håkon Særstein.   Etter dei faste postane ved opning av møtet, blei  årsmelding og reknskap  godkjent.  Omsetningen var kr. 4.107.819,-  ei auking på 13,4% i 2014 i høve til året før, så sjølv om resultatet viste vel 8000 kr i minus, er stemninga optimistisk for…

Detaljar

Mai er dugnadstid

Huglo Idrettslag har dugnad på Vikasanden laurdag f.k. frå klokka 16.  Det vert mest strandryddig, så folk oppmodast til å ta med jernrive og hanskar. Og på tirsdag 11. mai er det Bygdalaget sin tur.  Då skal me gjera det fint på skuleplassen og inne i skulen til 17. mai, frå klokka 18.  Vel møtt

Detaljar

Ryddedagen

Alt var som det “alltid” har vore:  Utrulege mengder saker og ting som kjem fram frå loft og kjellar, som me eigare ikkje ser oss mon i lenger.  Og det er tydeleg behov for ein slik dag:  Berre bilen med problemafall hadde 10,5 tonn last då han forlot Huglo, bilbatteriane åleine vog eit tonn (bilen er…

Detaljar

Høghus

Her har skjæra prøvd å koma seg unna måren, etter to år der skjæreungane vart mat for mårungane.  Me held pusten kvar gong det kjem eit vindpust, og håpar at kulingen lar venta på seg til ungane er klekte og flygeklåre.  Det skal ikkje meir enn ein “flau vind” før huset svaiar farleg mykje.  Undrast…

Detaljar

Store forandringar

Regnveret på biletet er det same, gamle me er vane med.  Men no skal granane bort!  Dei vart planta for ca. 70 år sidan, då styresmaktane fekk idèen om at skogplanting måtte vera fine greier.  Mange eldre på Huglo hugsar at dei fekk fri frå teoriskuledagen for å planta skog.  Og granane drivdes og vaks…

Detaljar