Ferjebilete

Har du nokre gamle ferjebilete? huglo.no har fått denne mailen: Eg held på med ei bok om ferjesambanda til HSD i perioden 1928-2006. I den forbindelse har eg stort sett fått tilgang til bilde frå dei fleste ferjestadane som HSD trafikkerte. Men frå Huglo manglar eg bilde. I den forbindelse på jakt etter foto frå…

Detaljar

HSD og tysnescup

I år deltok huglalaget på Tysnes sparebank cup for 11. gang! I årets turnering fekk HSD berre andreplass, litt skuffande etter fjordårets topplassrering. Dette er ein kjekk tradisjon som truleg ikkje stoppar med det første.. Huglalaget sin statistikk 2014: 2.plass 2013: 1.plass 2012: 1.plass 2011: 2 plass 2010: Rauk ut i kvartfinalen 2009: 3. plass…

Detaljar

Varden opp

For sjette gong får du sjans til å delta i “varden opp” på Huglo. Dato: Søndag 3.august Tid: 13.15 Start: Vikasanden Startskontigent: 30 kr Premie til dei tre første i dame og herreklassane Idrettslaget lagar bål, sel brus og kaffi på toppen. Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå…

Detaljar

Tall Ships Race

Informasjon frå Helene Wilgohs: “Statsraad Lehmkuhl har avreis Leirvik torsdag 24.juli kl. 7.30 retning Bergen. Det er siste del av Tall Ships Races-etappen fra Fredrikstad til Bergen. Dersom noen har lyst til å følge oss i båter oppover Langenuen hadde det vært kjekt! Ellers ligg vi i Leirvik fra onsdag kl 10, med åpent skip…

Detaljar

Huglo skule??

Ca 20 huglarar møtte fram på folkemøtet der høyringsnotatet om Hulo skule si framtid vart lagt fram og huglarane kunne lufta si meining. Frå kommunen møtte rådmann Magnus Mjøs, leiar for Komitè for oppvekst og utdanning Jakob Bjelland og skulefagleg rådgivar Marit Kjelby. I kommunebudsjettet for 2014 er det eit vedtak om å setja i…

Detaljar

Sprek huglar

Laurdag 21.juni var det duka for 25 års jubileum for Midnight Sun Marathon i Tromsø. Over 5000 løparar frå meir enn 64 nasjonar stilte i dei ulike klassane. Huglo var representert med Linda Haukanes som sprang sitt første maraton. Linda sprang i klassen Dong Energy Maraton som har ein distanse på 42 km. Startskotet gjekk…

Detaljar

Jonsokfeiring

Det flotte veret gjorde jonsokfeiringa på Leiro til ein fest. Det var mykje folk og blide ansikt over alt. Huglo IL stod for grillinga, og maten gjekk unna. Det store bålet brann godt, og store og små koste seg i strandkanten utover kvelden.

Fotballkamp

I tråd med tradisjonen, vart det på jonsok avvikla fotballkamp på Leirvikestølen mellom fastbuande og hyttefolk . Oppmøtet var det ikkje noko å seie på, så det vart folksamt på banen. Laginndelinga var på tvers av både alder og erfaring, så her hadde alle ein moglegheit til å vise fram fotballferdighetane sine. Banens yngste spelar…

Detaljar

Offisiell opning av Huglo Båthamn

Det var ei flott tilstelning då Huglo Båthamn blei offisielt opna på sundag. Korpset spelte, Tiril og Helga haldt snora som ordføraren klypte, og både ho, og teknisk sjef i kommunen Kjell Nesbø heldt talar. Det same gjorde dei lokale eldsjelane for moloen Øystein og Sigurd. Og sjølvsagt var det mat: Salg av grilla pølser…

Detaljar

Vanntemperaturen

Eller, no har skuleferien starta og då heiter det vel “badetemperatur”? Kanskje berre for dei tøffaste og meist ihuga? Termometert syner etter ti symjetak frå land og på 50 cm djupnad: Vikasanden 16 grader, Huglavikjo 15 grader. Og ikke har me ordna oss tur til Middelhavet, dessverre.

Detaljar

Folkemøte

Offentleg ettersyn: Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Huglo skule og framlegg om endring av rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord Folkemøte på Huglo skule 24.6.2014 kl 19.45 Les meir på stord.kommune.no

Detaljar

Tine fotballskule på Huglo

Huglo IL ynskjer jenter og gutar født 2002-2008 velkommen til TINE fotballskule på “Huglo stadion” 28.-30. juli. – Dato: 28.-30.juli. Kan bli utvida til 31.7. Alle dagar kl. 10-14 – Stad: Leirvikestølen (alternativt skulen dersom svært dårleg vær) – Årsklassar: Jenter og gutar 2002-2008 – Deltakarane vil få utlevert TINE t-skjorta og TINE sekk, samt…

Detaljar