Jonsok

Det vert tradisjonell jonsokfeiring på Nordhuglo. Fotballkamp på Leirvikestølen kl 18:00. Båltenning på Leiro kl 20:00. Huglo IL har sal av grillmat og brus. Velkommen! 

Detaljar

91 + 6 på sykkeltur

91 elevar frå Nordbygda ungdomsskule med 6 “kuuule” lærarar (sa elevane!) kom torsdag føremiddag med syklar til Huglo. 1. stopp var Huglabutikken – Wenche måtte fylle på med is og brus og grillmat etterpå. Turen gjekk til fots til Varden i opphaldsver, så sykla flokken til skulen der dei skulle overnatte, og då alle var…

Detaljar

Sprenging ved Sago

Torsdag kveld small det kraftig frå Berrføttvikjo/Sago – og resultatet er at strando og bakken no ligg på ca. 5 meters djup og den nye vegen er borte den òg. Utover i huglovikjo og sørover Langenuen driv det hele furutre, dei fleiste sprengt sund, men store nok til at det ikkje er moro i treffa…

Detaljar

Slike jenter treng Huglo!

Vikasanden vart sikkert fin etter dugnaden på fredag – men her er Solfrid, som på eige initiativ og åleine rydda Gurivikjo for søppel nok til 8 sekker, pluss alt det som ikkje fekk plass i sekker! Diverre lar “før”-bileta seg ikkje lasta ned, men her er “etter”-biletet. Det talar for seg sjølv. Og no er…

Detaljar

Ein strålande dag

17.mai på Huglo vart akkurat så strålande som alle håpa på. Sumarver, musikk, bedehuset har sjeldan våre så fullsett til gudsteneste, og til festen i samfunnssalen og leikane var det mellom 90 og 100 frammøtte. Det må vera rekord for ei øy som har ca. 80 fastbuande! Me let bileta tala for seg sjølv. Har…

Detaljar

Kva er viktig for Huglo?

Stord Arbeiderparti hadde invitert til ope møte med representantar frå programkomitèen sin, på Huglo i går. Det er kommune- og fylkesvalg i 2015, og nytt partiprogram skal vera klart i november i år. På førehand hadde dei bedt leiarane fra dei einskilde laga på Huglo om å halda eit innlegg på ca. 10 minutter om…

Detaljar

Ope møte

KVA ER VIKTIG FOR DEG? OPE MØTE UNGDOMSHUSET TYSDAG 6. MAI KL. 19.30 Det er kommuneval i 2015. Programnemnda i Stord AP vil høyra kva folk meiner før me skriv programmet. Har du innspel, så møt fram. Lag og organisasjonar på Huglo er spesielt inviterte. Programnemnda i Stord arbeidarparti INVITASJON TIL LAG OG ORGANISASJONAR PÅ…

Detaljar

17. mai planlegging

Til dei som lurar: Ja, det vert tradisjonell 17.mai feiring på Huglo i år også! Her er komitèen som har ansvaret og no kontrollen på både førebuing og gjennomføring. Så håper me at dei som vert spurt om å gjera forarbeide som t.d. kakebaking, tek oppgåva med glede. Det er Ragnhild Svendsen som har oversikta…

Detaljar

Om Vyborghjelpa

I strålande solskin møtte rundt 40 personar frå Huglo, Stord og Fitjar opp på Vyborgkafèen sist søndag. Det vart mumla om at arrangementet burde ha gått føre seg utandørs, men innvendingane øydela ikkje for kake- og kaffesalg og loddsalg. Interessa for informasjonen Anne Hildur ga om politikk, geografi og økonomi i Karelen var stor. Vyborg,…

Detaljar

Påskeaften på kaia

Det var stor stemning på kaia på Nordhuglo i det flotte været påskeaften. Både hyttefolk og fastbuande handla i Huglabutikken, koste seg med is, og framfor alt: nysteikte vaflar! Rundt Vyborgkomitèen Vigliv og Åse med vaffeljerna var det kø heile føremiddagen, det gjekk med 10 liter vaffelrøre! Av samtaleemne var nok godværet nr. 1, men…

Detaljar

Rydding og merking av stiar

Huglo Idrettslag inviterer til dugnad i samband med rydding og merking av stiar. Målet er å rydda dei fleste ferdselsstiane i marka. Me startar opp med rydding og merking av stien som går frå 1913 til Varden og frå Varden til Jernstengene. Ta med høveleg verktøy, kaffe og noko å bita i. Frammøte ved 1913…

Detaljar