Nok eit vårteikn

På Tveit er dei fyrste lamma komne – førebels berre hos utegangarane. Men dei er ikkje mindre søte for det. Rørande er det å sjå korleis sauemor har omsut for ungen sin, og gjev lammet beskjed om ikkje å gå for nære framande folk med fotoapparat. Denne søtnosen er å sjå hos Mads M på…

Detaljar

Søndagskafèen

Huglo Bygdekvinnelag slo ikkje to, men heile tre floger i ein smekk: Open sundagskafè med mange nydelege kaker – som alltid – grunnlovsjubileum og sin eigen 60års-feiring. Grunnlovsjubileet vart markert ved at sorenskrivar Knut Gramstad fortalde om viktige punkter i Grunnlova og nokon av dei endringane som har kome til etter som utgangspunktet har forandra…

Detaljar

Tid for beskjæring

Med våren kjem også tida for beskjæring av buskar og tre. Huglo bygdekvinnelag var i år, som i fjor, heldige å få besøk av Stig Kjoberg Almås som er ekspert på området. I hagane til Hedvig og Andrea fekk me demonstrert korleis både frukttre og bærbuskar skal beskjærast. I tillegg fekk me svar på tusen…

Detaljar

Bokbåten kjem

Bokbåten Epos ligg ved kai på Sør-Huglo laurdag 29.mars frå klokka 10 til klokka 12. Det vert program for barn kl. 10: Trond Magnum frå Abrakadabra Teateret med stykket “Mix Max og Musilek”. Det vert trylling, song og musikk, leik og gjøgling. Bøkene du har lånt, kan du levera i Huglabutikken eller til Åse før…

Detaljar

Årsmøte Huglo Bygdalag

På programmet sto val, gjennomgang av årsmeldinga for 2013 og reknskap, informasjon om arbeidet med Bulystprosjektet, innspel frå medlemmene i salen om ting som opptek dei. Og som alltid på Huglo: Mat og kaffe. Styret for 2014: Øystein Huglen – leiar Nils Elde – kasserar Kirsti Heggland – styremedlem Gro Anita Nesse – styremedlem Øyvind…

Detaljar

Huglo Bygdalag Årsmelding 2013

Styret: Øystein Huglen – leiar Nils Dale Elde – kasserar Øyvind F. Sortland – skrivar John Olav Heggland – styremedlem Gro Anita Nesse – styremedlem 1.vara: Ragnhild Svendsen 2.vara: Hege Elin Haukanes Revisor: Hedvig Flornes Barnehagen er no kjøpt av Huglo Bygdalag. Bulystgruppahar organisert og stått for mykje av dugnadsjobben som er gjort på bygget.…

Detaljar

Ryddeaksjonen

Ryddeaksjonen på Huglo vert i år laurdag 26.april frå kl. 9.30 til 12.00. Som vanleg vert det konteinarar på ferjekaien på Nordhuglo, der ein kan levera alt som ikkje får plass i bosdunken. Det vert eigen konteinar for elektronisk avfall, og for kuldemøblar og farleg avfall. Det vert hjelpemannskap på staden, men du må rekna…

Detaljar

Nydyrking?

Ein skal stikke fingeren i jorda og lukta kor ein er, for å vera realistisk, seies det. Nett det gjorde huglo.no sin utskremde medarbeidar fredag morgon. Og konklusjonen er klår: Her luktar det risdyrking, det er berra å starta med å setja plantene ned i dei ferdig oversvømde rismarkene. Vert dette det nye jordbruksproduktet frå…

Detaljar

Huglamesse

Huglo Bygdekvinnelag har pleid å arrangera Huglamesse anna kvart år, og den tradisjonen skal me halda fast ved. Så til hausten, kanskje i oktober, vert det på ny messe. Har du ein hobby der du lagar noko av tre eller tråd, mat frå hav, hage eller hei, fotograferer eller syr? Jo fleire og jo større…

Detaljar

Huglo ungdomslag

2013 var eit godt økonomisk år for ungdomslaget. I året som kjem vil ungdomslaget halde fram med sosiale arrangement samt tilrettelegge møtestad for ungdommane. Laget ønskjer at ungdomshuset vert brukt og at det skal være stad der ungdommane kan samlast for å spele biljard og bordtennis, sjå film og høyre på musikk og vere saman.…

Detaljar