Bokbåten Epos

Bokbåten kjem til Huglo 23.november kl. 13.00 – 14.30. Rett etter ankomst vert det program med klovnen Knut (Berntsen), bokbåten sin populære kulturveteran. Stykket han har med i år heiter “I regnbuens farger”. Det er omtala som ei underhaldande og litte grann lærerik framsyning om fargar. Ved hjelp av humor, trylling, musikalske sprell og rare…

Detaljar

Endeleg asfalt

På Nordhuglo har veien – som i utgongspunktet var asfaltert – vore prega av graving, anleggsområde og trafikk med kjempestore maskinar.  Fyrst var det vegen til båthavna – som no er blitt den reine autostradaen og noko ein visar fram til turistar – og så var det ny graving for å leggja ny  kabel mellom…

Detaljar

Dugnad i Barnehagen

Bygdalaget har overteke barnehagen og vil få den klar til utleige til familie frå nyttår. Det må gjerast noko arbeid for å få den klar til bustadhus, og difor vil me ha dugnad torsdagar frå kl 18.00 (start 31. okt) -arbeid som skal gjerast: rydding, setja opp lettvegg, maling, nytt kjøken, m.m. Komande laurdag 26.…

Detaljar

Havrettsafta

Betre enn nokon gong? Kan det gjerast betre? Stor beundring og mange gonger takk til dei flinke ungdomane på Huglo som steller istand så mykje god, spanande mat, så elegant anretta. Kokkane på Brygga 11 kunnbe ha litt av kvart å lera her. Berre kom til Huglo på Havrettsafta! På menyen sto det i år…

Detaljar

Slutt for i år

No skal alle postane i turorienteringa på Huglo vera tatt inn. Så dei postane du har utsett til “hausten”, og ikkje har funne til no, må venta til neste år. Og då ligg dei ein heilt annan stad! Det løner seg å ta nokre turar før graset veks for høgt, men elles er tida frå…

Detaljar

Ny medarbeidar

Her er den nye medarbeidaren vår på huglo.no: Kathrine Huglen, godt kjent på Huglo, men ikkje så gamal som fastboande huglar. Ho tek gjerne imot tips om ting ho kan leggja ut på huglasido, og me synes alle at kommentarar til innlegga våre er fine greier! Me tek og imot bilete me kan nytta, særleg…

Detaljar

Fyrste frostnatta

Natta mellom 1. og 2. oktober var stjerneklår – og kald! Rimfrosten låg i graset før sola smelta han. Men så blei det ein strålande dag av klårveret – me toler fleire frostnetter dersom dagane er som 2. dagen av hummarfiskesesongen. Men blomekassane er no eit trist syn, det er berre å sjå i kvitauge…

Detaljar

1. oktober: Hummarfiske!

Dette er ein sers viktig dag for nokon av oss. Agn har vorte samla i omkring 2 månader, så sjølv om fisken (hest feit fisk som berggylte) er salta, luktar det ILLE! Salget at eingongshanskar på Huglabutikken når nye høgder i hummarfiskesesongen. Båten, fullasta med teiner, går 1.oktober ut klokka 07.30 for å liggja klar…

Detaljar

Lammegryte

Sjølv likar eg å bruka lårskiver, men bog av lam går og bra. Du delar opp i passelege stykker, og har på vatn til kjøtet er så vidt dekka – jo mindre vatn, jo betre smak av krafta. Så: I staden får kål har du på ei neve svisker og ei neve tørka aprikosar, litt…

Detaljar

Moderne tider på Huglo!!

No har Huglabutikken fått kortautomat på drivstoffpumpene! Både bensin og farga diesel kan ein no tanka døgeret rundt. Dette skulle vera ein sers god nyheit for alle dei båtane som har kome til Nordhuglo etter at butikken var stengt på laurdagar. Var dei i naud for drivstoff, kunne dei ringa å få folk frå butikken…

Detaljar

Vyborgbasaren

Årets Vyborgbasar var ein fest! 160 personar med stort og smått hadde møtt fram med opne lommebøker, der var flotte gevinstar, god mat og andeleg føde og. Innkommen totalsum: nesten 168.000 slår alle “gamle” basarrekordar! Pengane kjem godt med, for den sosiale og praktiske nøden er stor i Vyborg. Og kvar krone kjem fram, alt…

Detaljar