Biblioteket på Huglo

Som du ser, vert det framleis bibliotektenester på Huglo. Dagane står her. Du kan bestilla vaksenbøker frå biblioteket og henta dei på Huglo når dei vert ledige. Eit lurt tips for å få tak i heilt nyutgjevne bøker er å gå inn på biblioteket si heimeside (den finn du på stord.kommune.no), finn ruta for “Tips…

Detaljar

Plommepai

Til 4 personar treng du: 12 plommer – sånn ca, smør til forma eller 4 porsjonsformer, 1 1/2 dl kveitemjøl, fint eller sammalt fint, 3/4 brun farin, litt vaniljesukker, 75 gram smør, 50 gram hakka hasselneter Del opp plommene og dekk botn av forma el. formene med dei Hakk netene eller kjøyr dei i food…

Detaljar

Fiskalukke

Desse tre fangstane vart tekne i farvatna rundt Huglo/Storsøy siste veka. Nokon betre? Krabben var 1,7 kg og 22 cm på tvers. Den fekk gå i sjøen att, mistanken var stor om at den var eit sers vassent eksemplar av ein hankrabbe. Longo, derimot, kjem til å verta mange gode middager. Han vog 9 kg…

Detaljar

Vyborgbasar

I år er basaren til inntekt for Vyborg-arbeidet her på Huglo, i skulen, laurdag 7. september. Start kl 15. Me har sett bilete og høyrt om fattigdomen og den sosiale nauda i russiske Vyborg, og her er det heilt sikkert at hjelpa kjem fram. Bussen med utstyr går direkte frå Sunnhordland, og dei som reiser…

Detaljar

Bygdekvinnelaget

Som plakaten viser, vert det oppstart for hausten hos Eline komande mondag, 2.9., ca kl 20. Me ynskjer oss fleire medlemmar! Denne gangen vert det diskusjon om kva som skal stå på programmet vårt i haust – kom med idear! Bygdekvinnelagsarbeidet vert det me sjølv gjer det til. Velkommen både “gamle” og nye interesserte.

Detaljar

Risotto

Som med den norske lapskausen: Det finst like mange oppskrifter på italiensk risotto som det finnast kokkar. Her er eit forslag som du kan gjera kva du vil med: Helst skal risen vera av arboriotypen, men vanleg grautris frå Huglabutikken går og bra. Det viktige er at den vert litt “kremete” når den er ferdig…

Detaljar

Sopp er topp!

No for tida er det lettare i finna seg middag i skogen enn på sjøen – dersom ein ikkje er velsigna med Stor Fiskelykke. Og risotto med kantareller er utruleg godt! Og så er det litt ekstra lukke i å ha sin eigen (nesten) hemmelege (nesten) kantarellstad som (nesten) berre eg veit om. Oppskrifta finn…

Detaljar

Ut på tur

På veg til post 3 i turorienteringa, går me forbi denne kjelda, den som gjer karar som drikk av den, sterke og staute, og kvinner særs fruktbare. Kanskje skulle me ta en sup sjølv om me ikkje akkurat treng forbetring på dei nemde områda – berre som sikringskost? Og om litt finn me post 3,…

Detaljar

Horngjel

Denne 65 cm lange horngjelen ble tatt på dorg ved Salthello i kveld. Sjølvsagt måtte fangsten kokast, “Våre saltvannsfisker” nemner horngjelen som ein “særs god matfisk”. Den ser jo ikkje akkurat ut som god mat – men det var den!! Og det er heilt sant – beina hadde same farge som gras. Dermed var dei…

Detaljar

Ørna "vår"

På ein knaus i vasskanten på Huglo sit denne ørna. Der har ho vore i ei veke. Kjem du nærare enn 6-7 meter, flyttar ho seg nokre få meter berre. Er dette ei ung kongeørn som mora har gløymt å læra å passa seg for menneske, eller er ho sjuk? Fiskane ho har fått, er…

Detaljar

Solfylt Varden Opp!

Søndag var det klart for den femte utgåva av motbakkeløpet til Huglo IL, og endeleg skein sola på deltakarane. Kanskje vart det òg litt for varmt for mange denne dagen, sidan berre 10 personar valde å springe den tunge løypa frå Vikasanden til Varden. Stemninga var likevel svært god før start og på toppen, 218…

Detaljar

Familiedagen

Trass i at vêret ikkje viste seg frå den beste sida, fekk mange ein triveleg dag på Huglo denne søndagen.  Rundt om på øya var det fleire stoppestadar med ulike aktivitetar, omnsmuseum, hesteriding, kalvar, og her kan du sjå heile programet for dagen. Klokka 16.00 var det duka for sal av grillmat på kaien i…

Detaljar

Familiedag

Velkomen til trivseløya Huglo! På desse stadane er de søndag 14. juli ekstra velkomne til å gjera ein stopp: 1. Hønene til Hedvig. – besøk hønsegarden og er du heldig kan du kjøpa egg. 2. Omnshuset – ei unik samling gamle omnar i flott bygg. – sal av kaffe m.m. – sal av agurk 3.…

Detaljar