Bli med og spring til topps!

Søndag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” for femte gong. Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid. Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå følgjer løypa asfaltert veg ned til 1913 før…

Detaljar

Teknisk feil

Laurdag gjekk det ikkje heilt som det plar då MF folgefonn skulle legge til kai ved Jektevik. Det vart ingen personar skada då ferja gjekk på grunn like ved Jektevik. Etter bt.no skuldast hendinga ein teknisk svikt. Les meir om saka på bt.no

Familiedag på Huglo

Søndag 14. juli er store og små velkomne til å ta turen rundt på trivseløya Huglo. Huglo er perfekt for ein søndagstur på sykkel! De vil få utdelt kart ved Huglabutikken med info om tilbod og stoppestadar denne dagen. I fleire tun på øya vil besøkande bli ynskt velkommen med ymse opplevingar og produkt: –…

Detaljar

Sumarsdag

Ein kom til å sjå på kalenderen i føremiddag. 1. juli! Då er det vel sumar? Sjølv om gradestokken utafor kjøkenglaset viste 13 grader. Korleis får ein då den rette sumarkjensla? Spør einkvar unge, og han vil svara at sumar, det er bading, det. Javel, men ein dag som denne er det kanskje best å…

Detaljar

St Hans på Huglo

Kva er typisk huglarsk?  Jo, entusiasmen for alt som går føre seg på øyo vår!  Her ausa det ner, det sto ein loddrett grå vegg av vatn rundt Leiro, men då bålet skulle tennast klokka 19.30, var “alle” der.  Grillen hadde fått tak av presenning, og salget av mat gjekk som smurt, etter ein halv…

Detaljar

Familiedag på Huglo

Søndag 14. juli ynskjer bulystgruppa i bygdalaget å visa fram heile den flotte øya vår til besøkande og potensielle tilflyttarar (og sjølvsagt til huglarar). Denne dagen legg ein opp til å invitera folk til å koma med sykkel til Huglo og så ta seg rundt på sykkeløya vår. Målet er at besøkande på tur på…

Detaljar

Badeliv?

Etter kalenderen er det no sumar, og skal det verta nokon fart på badelivet i år, er det berre å starta jo før, jo heller.  Badetemperaturen i Huglavikjo var i dag, sundag, kl. 13, på flo sjø, 15 grader.  Slett ikkje verst i vatnet!  Men ein har det best i ly for nordavinden . .…

Detaljar

Bruktsalget

Moro å prøva noko nytt!  Sola skein og frammøtet var godt, både av seljarar og skuelystne.    Den heilt store omsetnaden vart det kanskje ikkje, men nokon sikra seg verkelege godbitar.Ein triveleg dag vart det for alle, både fastbuande, og båt- og hyttefolk og turfolk som kom med ferja.  Og salet av vaflar og kaffe med…

Detaljar

Sumar!

Endeleg kom sumaren – utan overgang frå ein heller hustrig 17. mai fekk me ein 18. mai me seint vil gløyma.  Her var båttrafikk, sykkelturistar og badeenglar!  Slike dagar tåler me mange av etter ein kald vinter.  Vanntemperaturen?  12 grader i fjøro i Huglavikjo.

17.mai på Huglo

Merkeleg:  All sjekking på yr.no og på Storm sa at det for tida var overskya opphaldsver på Huglo.  Og likevel måtte paraplyane opp då toget starta!  Men 17.mai var det likevel, frå privat flaggheis klokka 8.00, flaggheis på skulen kl. 10.30, med mange frammøtte og skulemusikken spela.  Så var det gudstjeneste med vår kjære Theodorsen…

Detaljar

Korkonsert

Sundag 26. mai kjem koret Hatikva på vitjing til Huglo.  Konserten er i samfunnssalen på Huglo skule, og tek til kl. 15.  Det vert andakt, og som vanleg på Huglo både mat og kaffe-  Alle hjarteleg velkomne!