Dette blir gøy!

Laurdag 25. mai vert det bruktsalg på plassen utafor Huglabutikken!  Her kan du selgja alt du har sett vekk for det var “kjekt å ha” – men så har det ikkje vore så kjent likevel.  Har du reiskap, klede, bøker, ei seng for mykje, servise du arva og ikkje treng, leikesaker ungane har vekse frå…

Detaljar

Ryddedag

Utroleg så mykje som samlar seg på eit lite år!  Som vanleg vart mange av SIM sine containare fulle og mange hus og hagar og gardstun ryddigare.  Reine vårpussen!  Men det er ikkje til å koma forbi at det ennå er godt synlege stader på øyo som kunne trengt ein oppshining før 17. mai og turistsesongen. …

Detaljar

Gulrotsuppe

Er restane frå i går akkurat litt for lite til ein heil middag?  Kjem det av og til ein overraskanda ekstra gjest til middag?  Då er det greit å laga ei suppe til forrett av ting du har i huset.  Gulrotsuppa med ingefær er alltid populært!  Du tar ei stor gulrot pr spisegjest, kokar i…

Detaljar

Bokbåten EPOS

Bokbåten kjem til Huglo fredag 12.april kl. 17 – 19.  Programmet denne gongen er ei musikalsk forteljerstund om den klønete heksa Heksagon og hennar beste og einaste ven, klovnen Boboz, av og med Christin Grilstad Prøis.  Målgruppe: frå 4 år. Bøkene du har lånt kan du levera i Huglabutikken eller til Åse seinast tysdag 9.…

Detaljar

Vyborgkafè

Dei fleste har vel hørt om barneheimen  i Vyborg, som ei gruppe eldsjeler her i distriktet støttar – og hjelp oss andre til å få dela litt av overfloden vår.  Sundag 7. april er det Bygdakafè  frå kl. 16 på Huglo bedehuskapell, der inntekten av salg av kaffe og kaker og utlodning går til Vyborg-prosjektet.  Nils Olav Taranger…

Detaljar

Bli med på tur-o!

No er årets turorientering i full gong. Har du enda ikkje kjøpt årets kart på Huglabutikken, så bør du gjere det på laurdag. Med dette fantastiske været me har på Huglo for tida, er det perfekt for turorientering. Bakken er frosen og tørr og sola skin. Ta med deg familien, naboen og hunden, og bli…

Detaljar

No er bussen henta!

På fredag vart bussen som har stått på parkeringsplassen ved bedehuset sidan Fabrikken 2012 endeleg henta av eigarane. Bussen har skapt mykje irritasjon blant huglarar som vil nytte parkeringsplassen, og som synes bussen ikkje har vore eit særleg vakkert syn. Det skal seiast at bussen vart observert med motorstans i ei busslomme ved Agdestein på…

Detaljar

Søndagskafé

Som vanleg arrangert av Bygdekvinnelaget – samfunnets støtter.  Mange frammøtte fekk høyra Lilli Ann Drønen lesa  eigne opplevingar frå boka “Så stal me ein båt”, og Per Drønen fortalde sanne? historiar, skrøner, og imponerte stort med å dramatisk deklamera Jakob Sande.  Både interessant og morosamt, frå begge to.  Og både før og etterpå fekk alle dei…

Detaljar

Årsmøte i Huglo Bygdalag

Val av nytt styre:  Øystein Huglen held fram som leiar, styremedlemmar er:  Jon Olav Heggland, Øyvind Sortland, Gro Anita Nesse, Nils Dale Elde, vara: Ragnhild Svendsen Hege Elin Haukanes.  Revisor:  Hedvig Flornes. Årsmelding: ” Bygdalaget har hatt 5 styremøter.  Arbeidet for Bygdalaget dette året, har for det meste vore retta mot ny tilflytting til øya.  i…

Detaljar

Vår og Søndagskafe

Til alle utvandra huglarar:  Her er det vår!  Blomstrande snøklokker, stille sjø, solskinn og ein stjernehimmel som lokkar meg ut på tur på sein kveldstid.  Og på sundag er det kafè, med god mat, mange hyggelege folk å prata med, og underhaldning.  Bygdekvinnelaget seier velkommen til Ungdomshuset kl. 15!

Vårsildfiske

Eit garn set i rett tid og på rett plass, og så vart mange glade for å få sild, mykje sild!  Nokon fekk ein heil stamp (ein fekk to stampar) og for nokon var eit par steikesild nok.  Aller gladast var husmora til sildefiskaren:  All silda vart gjeven bort til sildeelskarar, stekt, røykt eller laga…

Detaljar