Strikkekafè

Bygdekvinnelaget sin strikkekafè var som og tidlegare godt besøkt av 3 generasjonar.  Innehavaren av butikken Ullkroken på Stord var inspirasjon og ho hadde med seg mykje mjukt ullgarn passande til årstida, og nokre strikka leiker.  Nokre fleire modellar til inspirasjon hadde vore spanande, men her var mange brosjyrar med gode idèar.  Og som vanleg når det…

Detaljar

Skitt fiske!

No er det torsketid!  Fint på sjøen er det og, det er berre å kle på seg.  Men kor er gytetorsken?  Desse er  ungdom, nokon med bitte litt rogn, det var dei me slapp laus i fjor som no er middag nok til to pluss ein katt.

Dametrimmen

Dametrimmen har starta opp igjen, med den uhyre spreke Eline som leiar.  Veldig kjekt!  Men det må da vera fleire enn 7 damar på Huglo som vil trimma under kyndig leiing ein gong i veka?  Heilt utan grunn til prestasjonsangst, her gjer me det me får til og orkar, og alle har nok med seg…

Detaljar

Potetkakebakekveld

Bygdekvinnelaget hadde potetkakebaking på programmet i kveld.  Nokon kaker blei runde, nokon firkanta og nokon fekk ein form som ikkje har noko namn ennå, men gode var dei alle!  Både som pølselompe og aller best med smør og engelsk mørk appelsinmarmelade.  Prøv sjøl, her er ei enkel, men god oppskrift:  1 kg kokte (gjerne varme)…

Detaljar

Lettvindt dessert

Nå har Huglobutikken kvit sjokolade!  Då lagar me ein lettlaga og nesten berre sunn dessert: Skjær opp frukt, gjerne i forskjellige fargar, legg bitane på eit flatt, eldfast fat, eller gjerne i porsjonsskålar – eldfaste! Nyttar du eple, banan eller annan frukt som fort vert brun, dryp du litt sitronsaft over frukta.  Hakk kvit sjokolade grovt…

Detaljar

Jul med gromgubbane

Her kjem det nok ei flott historie frå Øystein Huglen. Gå ikkje glipp av denne trivelege juleforteljinga ! Jule og nyårshelga er over. Attende sit me med magar istappa av julemat og eit ribba juletre. Jule ,- og særleg nyttårshelga vart mild og våt. Førjulstida derimot vart snørik og gneistande kald. Johannes på Loftet målte…

Detaljar

Grilla laks

Kva skal ein servera nyttårsafta?  Litt seint å fundera på det no, kanskje, men ettersom verda ser ut til å fortsetja på ubestemt tid, kan ein jo tru at det vert bruk for alternativ til pinnaribbe og svinesteik neste år òg.  Meininga var å servera laksen grilla ute på vanleg trekolgrill, men nyttårsaften regna det…

Detaljar

Tradisjon med kirkejul

I år, som fleire julekveldar før, var bedehuskapellet på Huglo fullt av huglarar, hyttefolk og slekt og vener.  Det har heldigvis vorte ein fin tradisjon med julaftengudsteneste på Huglo.  Korpset spela både før gudstenesta og til salmane, og etter ein litt spanande ventetid kom prest Larsen seg fram til kapellet på dei glatte vegane.  Velsigna julehøgtid,…

Detaljar