No – endeleg!!

Her er dei karana som har ansvaret for at arbeidet med moloen startar i komande veke.  Til no har det vore mykje som skulle diskuterast og forandrast av avtalar og kontraktar og samarbeide med underentreprenørar, men altså:  No startar grunnarbeidene!  Det er meininga at den store arbeidsbåten óg skal vera husvere for dei 8 som…

Detaljar

Ferjebytte

Den faste ferja vår, Folgefonn, får nå ny motor, den gamle var omtrent 20 år gamal.  Det er fint med ny driftsikker motor, men baksida av medaljen er at deivikarferjene me har hatt til no, og særleg den siste, Kvinnherad, er så små at ein kan risikera å ikkje koma heim frå Jektevik  som planlagt.  Heldigvis…

Detaljar

100 år med santalforening på Huglo

Eit bedehus dekka til fest var det som møtte huglarane og dei mange tilreisande då Huglo santalforening feira 100-års-jubileum søndag. Blant dei tilreisande var tidlegare foreningsmedlem, prost Theodorsen, Eli Tveitane og Heidi Rolfsnes. Sistnemnde song fint for publikum, og Eli Tveitane haldt tale og kom med informasjon om arbeidet som foreninga med sine misjonærar gjer…

Detaljar

No er det snart huglamessa!

På laurdag er den store huglamessadagen! Arrangør, huglo bygdekvinnelag meldar til huglo.no at det også i år vert mykje flott og spanande å finne. Bygdekvinnelaget lagar røbetsuppe og det vert sal av kaker og kaffi. Velkommen til skulen frå 12.00-15.00. Huglamessa 2010 Les også om seks på huglamessa 2010 her.

Detaljar

Hummerfiske

Det er ei tolmodsprøve, det!  Fast fisk – eller dyr – i 15% av teinene, og over halvparten er høggravide og får gå ut i sitt rette element igjen.  Men det er som å spela i Lotto:  Nokon vinn, og kvifor skal det ikkje vera meg?  Og ein skal halda på tradisjonar, førebuinga er nesten…

Detaljar

Atter ein stor Havrettsaften

Utruleg kva huglaungdomen får til!  Årets Havrettsaften var minst lika fantastisk som dei tidlegare.  Lekker forrett av gravlaks med avokadokrem og korrianderyoghurt, hovudrett (eller var det mellomrett?) steinbitrull med potetpurrè, – og så koldbordet med 28 rettar + dressingar, brød og urtesmør.  Det er tradisjon at det kvart år er ein ny og  litt spesielt spanande…

Detaljar

Ferjekaia

Etter fleire månader med arbeidsbrakker på kaia og stengt parkeringsplass, nærmer det seg slutten på arbeidet med å byggja ut for at ferja skal få eit trygt akterfeste.  Sjølve hovuddelen liknar for tida på ein oljeboringsplattform, men det manglar framleis eit stykke landgang ut, og rekkverk både på landgangen og sjølve “plattforma”.  Fyrst kom store røyr, ca 80…

Detaljar

Ikkje til Havrettsaften

Denne vart teken på stong og sluk i Huglavikjo for nokre dagar sidan.  Men sidan den stirra så strengt på eigaren av skoa (med på biletet for storleiksamanlikning), vart den slept ut igjen – og synte stor glede over å få leva vidare.  Det vert altså ikkje denne me får til forrett på Havrettsaften 13.oktober.  Du…

Detaljar

Rognebærgelè

Du kan laga gelèen av berre rognebær, sjølv likar eg like delar friske, faste epler og rognebær.  Brukar du berre bær, kan det vera lurt å leggja bæra i frysen eit døgn, så vert smaken mildare.  Eg kokar frukten i saftkokaren, men sjølvsagt kan du nytta gamlemåten med silklede.  Eg hugsar mor mi bandt silklede over…

Detaljar

Javisst vert det Huglamesse!

Førre Huglamesse var ein stor suksess, salsbordene sto rundt heile gymsalen og messa var godt vitja av interesserte.  Mykje fine produkt var bydd fram, her var mange gode idèear og kreativitet.  Her var heimestrikka plagg, handmåla T-skjorte, heimebakt, røykt og kokt, produkt frå Hugla-tre og heimelaga og personlege kort, for å nemna noko.  Jo meir variasjon, jo…

Detaljar

Bulyst på Huglo

Her er ei lita statusoppdatering for bulystarbeidet på Huglo. Huglo, samarbeider med Espevær, Fjelberg og Møkster om prosjektet ”Flytt til LivOGLyst”. Målet er å auka tilflyttinga til desse øyene og å dela erfaringar og læra av kvarandre. Hovudsaken som vert jobba med er tilgong på utleigebustadar. Dette er viktig, og det vert jobba for å…

Detaljar

Skulebussen

Som dei fleiste veit, har skulebygget på Huglo fått heilårsferie dette skuleåret.  5 elevar var klåre for huglaskule då sumarferien var halvgått, og sjølv om ein liten skule har mange føremon, vog fordelane med eit større miljø for både born og vaksne tyngre.  Dette har vore diskusjonstema i mange år, og tidlegare har skulevegen blitt…

Detaljar