På kurs!

Vår faste, blide bussjåfør har no alltid – i 36 år!! – halde bussen på rett kurs – men no går han altså på oppdateringskurs på naboøya.  Kurset er altomfattande, fortel han:  Fyrstehjelp og ulykkessitasjonar, trafikkreglar, korleis ein bussjåfør skal forhalda seg til varierande humør hos passasjarar . . .  i det heile tatt ALT…

Detaljar

TAKK !

Fabrikken 2012 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit vellukka arrangement med eit smil om munnen. Ein slik suksess har krevd eit utal arbeidstimar, og hadde aldri vore mogeleg å gjennomføre utan den heroiske dugnadsinnsatsen folk har vist! Alle oppgåver har vore like viktige for å få puslespelet til å gå opp, og…

Detaljar

Sjeldan vitjing

Denne unge skarven sat i går på Samson-brygga utan planar om å flytta på seg.  Innimellom slo den ut vengjene slik skarvar gjer for å turka dei.   Det kvite brystet tyder på at det er ein heilt ung fugl – kanskje hadde ikkje mora rukke å fortelja han at menneskene ikkje er til å lita…

Detaljar

Johannes på loftet

Dette er historia: Soga seier at det i farne tider budde ein mann som heitte Johannes på Loftet, ei fjellhylla oppe ved Storavatnet.    Han vart omtala som ganske stor av vekst.  Av og til så ungane store fár i snøen – då var det Johannes på loftet som hadde gått der.  Ingen har nokon tid sett…

Detaljar

Sumaraktivitet

“Er det sumar, så er det sumar” sa desse hyttefolka, der dei sat og åt is utafor Huglabutikken.  Godt kledd, og utan tanke for bading og/eller soling, feira dei likevel at det faktisk er sumarferie.  Riktignok bles det for mykje til fisking, og ungane (barn og barnebarn) ynskte seg fiskegrateng til middag, men i desse…

Detaljar

Forlenging av ferjekaia

Fredag startar ståket for alvor!  Her skal hamrast og bankast ned store røyr – hammaren veg 8 tonn.  Førebels er planen å starta klokka 7 om morgonen og å halda på til utpå ettermiddagen.  Må dei banka om natta, vil me verta varsla på førehand.  Ein mager trøyst for nordhuglarane, vil ein tru.  Men ferjekaien vert…

Detaljar

Mystisk forsvinning

Dette er Røssbøkrossen, på toppen av bakken opp frå ferjekaia,  der det går veg til venstre mot Lunde-tunet og mot høgre går vegen mot Hommandehaugen.  På den sida står det eit skilt som peikar mot brosealdergravrøysa.  På den andre sida har det i mange år stått eit skilt som peika mot Varden og turvegen dit.  Men kor…

Detaljar

Dra på holmetur

Borte bra, men heime best! (?)  Gåsholmane er heilt spesielle, men me har holmar i nærmiljøet òg!  Godt skjerma for nordavinden dersom ein held seg på sørsida av trærne, som dei smarte hegrene gjer det.  Nydeleg badevatn og så kan ein symja på tur mellom holmane medan nista og termosen med kaffi ventar på Flatholmen, og…

Detaljar

Post 22

38 små og store personar og 2 hundar har til i dag funne denne posten nord for Varden.  Det er mykje sprekt folk ute og går!  Bratt er det opp, og endå brattare ned, særleg for dei med litt slitne kne.  Då er det godt at det står ferdig komlemiddag på bordet når ein kjem…

Detaljar

HSD og Tysnescup

HSD vart puljevinnar og gjekk vidare til sluttspel utan tap og ein kamp uavgjort, og med ein målforskjell på 21-4. HSD gjekk også sigrande ut av både kvartfinale og semifinale. Etter seks kampar var det duka for ein spennande kamp mot tyneslaget “smil du er på TV”. Huglo.no er stolte og gratulerar HSD med siger…

Detaljar