Eigar savnast

Denne fine sykkelen har stått bak postkassene på ferjekaien lengre enn fjorårslamma kan hugsa.  Ein kan undrast på kva som ligg bak denne parkeringa?  Sjølvsagt betre med parkering her enn på Vikjo der sykkelen nok ikkje hadde fått stå lenge åleine i ro –  men nå har då denne parkeringa vara uvanleg lenge?

Solkråo

Før i tida, då gamle folk var pensjonistar og hadde god tid og det var mykje meir sol enn notildags, pleide dei eldste karane å samlast her på ei hylle i berget, sitja å nyta utsikten i sola, varma giktiske kroppar og løysa verdsproblem slik dei såg dei.  No sit det ingen her lenger.  Gamle…

Detaljar

Spring til topps!

Laurdag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” Dette er fjerde året på rad at dette populære motbakkeløpet vert arrangert. (Første året vart det riktig nok avlyst grunna svært dårleg vær.) Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid. Den…

Detaljar

Det er ikkje lurt

å leggja søppelposene sine i denne containeren.  At den er privat, og ikkje merka “Hytterenovasjon” er no ein ting, men måker og kråker har fest på innhaldet i dei posene dei hakkar hol i, og restane blir teke av nordavinden og fordelt utover ferjekaia.  Ver god og bruk dei felles containarane som er sett opp…

Detaljar

Sago

Inne ved Sago set ein garn og får torsk rett som det er.  Om ikkje torsk, så ein fin lyr, og ikkje så mange krabbar at det vert plagsomt.  Dei eldste huglarane veit både kor Sago er like nord for Breivikjo og Storesteinen, og at navnet kjem av at her var det ei sag ein…

Detaljar

Nytt turforslag

Ein fin tur for dei som ikkje vil gå langt, og ikkje reisa med båt til Tveitøyane, er turstien til bronsealdergravrøysa og neset nedafor.  Du kan sykla frå ferjekaien, ta til høgre på toppen av bakken, der det står skilt med pil:  “GRAVRØYS”, og vidare til parkeringsplassen ved hyttene.  Eller du kan kjøyra bil og parkera der…

Detaljar

To ferjer

Det er ikkje kvar dag det gjestar to ferjer ved ferjekaien på nordhuglo. Biletet vart tatt då MF folgefonn vart erstatta av MF fitjar, for å bli klargjort til sumaren. No er MF folgefonn tilbake, og har fått Norled logoen på sida og den “grøne hatten” er blitt blå. Foto: Steinar Hystad

Detaljar

Huglo skule på nett !

No har også Huglo skule fått si eiga nettside. Skuleplanar, aktivitetskalender, ranselpost og meir er å finne på den nye sida. Rektor på skulen meldar om at sida er fersk og enn så lenge litt “tynn” i rekkene, men vert nok meir innhaldsrik etterkvart. Sjå innom nettsida her Merk deg! Alle lag og organisasjonar som…

Detaljar

Skipingsmøte på Huglo

Sunnhordland komlesamskipnad heldt skipingsmøte i sol og kuling frå nord under mottoet: “Eit møte for alle” – og sjølvsagt på Huglo.  Det er der saker og ting går føre seg i sumar – jamfør Fabrikken.  Men altså, denne gongen gjaldt det komlo.  Huglarane møtte som vanleg mannsterkt fram, men det må seiast at gjennomsnittalderen var ganske…

Detaljar

Turorienteringa

No er tida inne for fine turar i marka!  Før alt veks til og gjer det vanskeligare å brøyta seg veg gjennom høgt gras.  For ute i terrenget er det framleis ikkje så grønt – hjorten beitar framleis i flokkar på heimebøane på Nordhuglo (på Sørhuglo har bøndene laga seg 2 meter høge hjortegjerde for…

Detaljar

Ikkje bruk denne!

Ved Naturstien, ved skiltet Åsane, står denne grillen.  Men kor er eigaren?  Det er koselig  der, med bord og benkar, akkurat plassen for ein landtur.  Men brannfaren er stor no, og Åsane er langt frå vatn.  Med Sveio-brannen i friskt minne, bør eiaren av grillen henta den så fort som mogleg, og i mellomtida må…

Detaljar

Ein fin føremiddag

Pinseaften hadde, tradisjonen tro, Huglo skulekorps konsert på plassen utafor Hauglabutikken.  I det strålande sumarværet var frammøte stort av både små og store.  Grillmaten gjekk unna, ungane koste seg med is, og drøsen gjekk over benkar og bord.  Huglo skulekorps spelar imponerande bra, dei fekk mykje ros óg av folk som har greie på musikk. …

Detaljar

Har du mat?!

Fabrikken 2012 kjem nærare for kvar dag som går. Me har no mykje godt bestemt oss for meny – som me veit er jo maten svært viktig og god på Huglo! Me veit at mange vil hjelpa til med ulike oppgåver knytt til mat før og under festivalen – tusen takk for dette! Me er…

Detaljar

Ny huglar? 2.kapittel

Er det igjen/framleis rev på Huglo? Dette er ikkje ein ny diskusjon. På slutten av forrige århundre (det er jo ikkje SÅ lenge sidan!) gjekk diskusjonen om rev eller ikkje rev livleg føre seg. Nokon hadde sett og høyrt reven, andre lo og kalte dette for fantasibilete. Heilt til reven vart skoten og plassert på…

Detaljar

Saksliste til årsmøtet i Huglo båtlag

Det vert årsmøte i Huglo båtlag mandag 28.mai kl 10.00 i Huglo skule. Les meir om moloen her. INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE HUGLO BÅTLAG Det innkalles med dette til ordinært årsmøte i Huglo Båtlag. Sted:         Huglo skule. Dato:         28.05.12. Kl.:          10.00. Til behandling foreligger: Valg av møteleder Godkjennelse av innkallingen Godkjennelse av styrets forslag…

Detaljar