Plantesalg på Huglo

Veit du at du kan kjøpa det meste av det du treng her på Huglo?  Plantene finn du i Turid sitt drivhus, og opningstida er når Turid er heime.  Berre ring 41227335 og avtal.  No seier værmeldinga at tida er inne (endeleg!) for å planta i hagen.

17. mai på Huglo

Og så kom endeleg dagen!  Litt regn, litt vind, litt for kaldt – men kva gjorde nå det?  På Huglo var det god stemning heile dagen, med tradisjonell feiring.  Huglo skulekorps spelar så det er en fryd å høyra på (ganske høg gjennomsnittalder på dette skulekorpset!) og til gudstjenesta var det ca. 50 frammøtte –…

Detaljar

17.mai

Nordmenn som feirar nasjonaldagen på spanskekysten, har fått melding om at det ikkje vert bunadver – termometeret kjem til å visa over 30 gradar – i skuggen.  Me er heldige, hos oss vert det absolutt høve til å nytta ein god, varm, vakker bunad, gjerne med ei ulltrøye under.  At me kan koma til å trenga…

Detaljar

Huglamesse

Om nokon ikkje var sikre på det:  Det vert Huglamesse til hausten!  Fint om du har noko å bidra med!  Førre Huglamesse var jo, for å sitera ein kjent huglar: “The best Huglamesse ever!”  Kanskje ein kan seia dette om messa til hausten igjen?  Det er Bygdekvinnelaget som arrangerer messa, og dersom du lurer på…

Detaljar

Høg promille på MS Faktor

2.april støtte lasteskipet MS Fator på hommaneneset på Huglo. Det viste seg at skip og mannskapet hadde hatt litt av reise, sjå ruta her. Skipet skulle slett ikkje til Huglo, men Jondal, og kjøyrde både på kryss og tvers av fjorden før ferda enda på Hommaneneset. Styrmannen vart misstenkt for å vere rusa, og vart…

Detaljar

Generalforsamling i Huglabutikken AS

Det var kalla inn til generalforsamling for butikken 28.april i Fjellheim.  32 aksjonærar møtte. Styreleiar Njål Sortland opna møtet.  Nils Eide vart valt til møteleiar. Kommunen sin representant, Håkon Frode Serstein, var tilstade for fyrste gongen. Årsmeldinga for 2011 Om verksemda: Huglabutikken AS er eit selskap som driv med detaljhandel av daglegvarer, lokalisert på Huglo i Stord…

Detaljar

Søndagskafè i bedehuset

Søndag 22. april var det igjen søndagskafè på Huglo. Denne gongen var det bedehuset som var arrangør. Dei frammøtte kunne kjøpe seg gode kaker, vafler, saft og kaffi, og som alltid når det er kafè på Huglo, så var det eit breidt utval i mange gode kaker. Ein kunne til og med smake på fiken…

Detaljar

Nye ferjeruter frå 1.mai

Frå og med 1. mai er det på nytt endringar i Norled sine ferjeruter på strekninga Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo. Det som er nytt er at dei såkalla “3-ferjo” og “4-ferjo” no går 10 minutt tidlegare, slik dei gjorde før endringane 1. januar i år. Altså klokka 14:25 frå Jektevik og 14:40 frå Nordhuglo.…

Detaljar

Barnetur til Varden

Barnas turlag Stord – Fitjar arrangerer tur til Varden søndag 15. april. Turen går frå kaien på Nordhuglo ca. kl 10:45. Det er berre til å slenge seg med når mange familiar frå Stord og Fitjar tek turen til Huglo sitt høgaste fjell!  Les meir her! P.S. Turen er omtalt i den siste utgåva av Noregs…

Detaljar

Palmesøndag på 218 moh

25 personar trossa vind og vèr og turen til toppen av Huglo, då Huglo IL arrangerte den årvisse palmesøndagsturen til varden. På toppen venta både noravind og snø, men også glimt av sol og blå himmel, “skikkeleg påskevvèr”. Sjølvsagt vart det både bålkos og pølsegrilling også. Ein flott og triveleg tradisjon! Les om fjordårets tur…

Detaljar