Han ser fæl ut, men smakar kongeleg!

Omnsteikt breiflabb

Helst bør ein fiska breiflabben sjølv, kiloprisen i butikk kan samanliknas med okse indrefilé.  Men då må ein ha eit trollgarn helst, det er ikkje lett å få latsabben breiflabb på snøre, der han ligg heilt stille på botnen med sin eigen fiskestang foran gapet sitt.  Men er ein så heldig å ha fått tak…

Detaljar

Dette vert eit hus!

Det går fort framover – i alle fall utanpå.  Synd at nettsida ikkje kan overføra dei  flittige hammerslaga ein vert møtt av når ein kjem for å sjå.  Godt det alvorleg våte regnveret me hadde i går kveld tok ein pause – måtte pausen vara til huset har fått tett tak!

Havrettsaften

Utruleg kva desse unge får til! Ein håper dei har det like gøy mens dei gjer alt arbeidet som skal til for eit slikt stort arrangement, som me andre, som berre er gjester, har det på sjølve kvelden. Så mykje god mat, spanande mat, vakkert tillaga mat – slikt gjer seg ikkje sjølv. I år…

Detaljar

Ikke uventa . . .

Nei, så kom det inga ny ferje på torsdag likevel. Skiftet “utsett ut i det blå” var svaret no. Fleire ferjer i Sunnhordlandsbassenget hadde problem og trengte MF Folgefonn til å vikariere for seg. Stemninga rundt pendlarbordet var eistemmig: Kven treng ny ferje når me har gode, driftsikre Hordaland?

Detaljar

Ny ferje!

Siste nytt om ny ferje er, seier ferjemannskapet, at Folgefonna kjem 20. oktober. Så det får me tru på. Vil du ta farvel med Hordaland, har du enno eit par dagar å gjera det på. Skal tru om den nye er ei forbetring? Ikkje for at me treng det, Hordaland har gått i sol og…

Detaljar

Gruppebilete frå skulejubileet

På 100-års jubileet til skulen på laurdag 8. oktober var det eit fantastisk vær som vart nytta til å ta gruppebilete av dei tidlegare elevane. Asbjørn Sortland stillte med fotoutstyr og knipsa i veg. “Elevane” vart stilt opp puljevis etter kva tiår dei byrja på skulen. Me presenterer bileta her på huglo.no, men dei som…

Detaljar

Altså, regnet

Trivsels-kafen må vera ein annan stad! I det siste har eg tenkt mykje på Atle Hansen. Ja, eg kjenner fleire med det namnet, men no tenkjer eg på sunnhordlandsforfattaren. Han har skreve eit stykke om Regnet som er som eg skulle ha sagt det skjølve – om eg hadde hadd hans emner til å få…

Detaljar

Utstilling i skulen

  Som mange forhåpentligvis har fått med seg, er det stor festivitas i skulen laurdag 8.oktober i anledning skulen sitt 100 års-jubileum. Denne dagen er det mykje som skal skje, og det er planlagt å stilla ut gjenstander som er blitt laga av elevar opp gjennom åra.  Har du laga noko eller er så heldig…

Detaljar

Skulejubileum !

I år er Huglo Skule heile 100 år, og dette skal me feira i god huglaånd. Alle huglarar, tidlegare elevar ved Huglo Skule og sjølvsagt alle noverande elevar med foreldre, vert med dette innviterte til skulejubileum på Huglo Skule laurdag 8. oktober. Program: kl. 13.00 Cafe ute i partytelt med salg av bollar, vaffler, kaffi…

Detaljar

Full sal på Vyborgbasaren

Laurdag 10. september var det klart for den store Vyborgbasaren. Arrangørane med gode hjelparar hadde stått på lenge med å selge lodd, skaffe gevinstar, bake, pynte og dekke på borda. Og det vart sett stor pris på av dei langt over 100 frammøtte laurdag ettermiddag.   Det er tredje goongen at denne basaren blir arrangert på…

Detaljar