Hyggeleg tradisjon

Ein hyggeleg tradisjon og ein fin måte å samla folket på, dette med bord og benker utafor butikken, grilling og konsert med Huglo skulekorps og god tid til ein drøs i finveret.  Ingen tvil om at folk, både små og store, kosa seg med kvarandre, grillmat, kaffe og konsert under leiing av korpset sin nesten…

Detaljar

Turorientering

Det ser ut til at det vert ein stund til me kan dra på holmetur med badebukse og niste.  Då er turorientering eit godt alternativ!  Litt regn gjer ingenting, berre prøv sjølv.  Utstyr deg med kart (det får du kjøpt på Huglabutikken eller kontakt huglo.no, tlf. 41334436), kompass om du har, og gode, tette gummistøvlar. …

Detaljar

VON- mai 1932

Mai Mai! Ja kven hev vel ikkje gledt seg til mai, den fagraste årstidi me hev, bøen står der grøn med skinande morgondogg og bjørki hev fenge på seg dei fine vårkledi, lidar og dalar er kledt med alle dei blomar som vår fagre natur har å bjoda oss. Fjosen ligg der so speglande blank,…

Detaljar

Bolla piggsvin

Me har fått tilsendt dette koslege bilete av to piggsvin. Det har tidlegare  vore diskutert på Huglo, om piggsvina framleis er her. Biletet er eit klart bevis på at det er dei. Piggsvina søv mesteparten av dagen og er aktive om natta, dei et insekt, sniglar, meitemark, frukt , eikenøtter, men kan også ete slangar…

Detaljar

Vårkonsert

Me som hadde funne vegen til samfunnssalen på Huglo skule, fekk oppleva ein fin kveldsstund med vakker korsong.  Tysnes Kammerkor framførde kjende songar og hymnar under leiing av dirigenten, Jurgita Bubilate, som óg spela piano.  Koret er med rette stolte av solisten sin, Lise Sjåk Dalen!  Og Henrik Barthel hadde både gode ord og dikt…

Detaljar

Foreldreomsut

To gonger om dagen kan me på Nordhuglo sjå grågåsfamiliene som hekkar på holmane, koma symjande inn for å beita på grasbakkane.  Mor fyrst, så ungane på rad og rekkje, og så han far sist.  Og gjerne fleire familiar samla, men alltid på ryddig geledd.  Den største ungeflokken har eit grågåspar med sju ungar, ein…

Detaljar

Vegstandarden på Huglo

Sigurd Huglen skriv: Har du merknader til vegen på Huglo, så gå inn på denne sida og skriv synspunkt på det.  Sjølvsagt kan du og skriva kommentarar på denne sida  – klikk på “Skriv ein kommentar” –  men rett til dei som har ansvaret kjem du berre på Stord si kommuneside.

Detaljar

Er du ein gründer?

Samspelsforum for næringsutvikling (SNU) inviterar til gründercafè tysdag 31.mai på Stord. -“På vår gründercafè får dei som nett har starta eiga verksemd, eller vurderer å gjera det, høve til å treffa andre som er i same situasjon. Her kan dei dele erfaringar og knyte relasjonar!” Les meir om prosjektet og meir info om påmelding her.

Detaljar

Spenstig huglar!

Kva er ei 17.mai feiring utan korpsmusikk? Dei fleste som er oppvaksne på Huglo har vore innom Huglo skulekorps. Ein skulle kanskje tru at når tida i korpset er over, får ein ikkje bruk for eigenskapane ein måtte ha tileigna seg i løpet av karriera. Gaute Haukanes har som mange andre hatt ei lang og…

Detaljar

VON – 17.mai 1932

Nr7         Tysdag 17de mai 1932         12årg No har me den syttende mai. Der er altid den same glea med den 17de. Både store og små gled seg til denne dagen, fridomsdagen vår, som me normenn hadde venta so lenge paa. Etter ein lang og lkald vinter kjem maidagen, ljos og blid,…

Detaljar

Billettkontroll!!!

Billettkontroll på Hugloferja?  Ja, det hender faktisk.  Smilande og blid banka han på bil-ruta mi ein morgon klokka 07.15.  “Takk”, sa han, og “no får du att for alle dei gongane du har tatt vare på billetten”.  Det var andre gongen på nestan 10 år.

Program for 17. mai på Huglo

Her er ei lita oversikt over det som står på programmet på Huglo 17. mai: Kl. 10.30: Det vert flaggheis ved skulen. Korpset spelar. Kl. 11.00: Gudsteneste i Huglo bedehus-kapell ca. kl 11.45: 17.mai-tog frå skulen til Skarvene og tilbake. Korpset spelar. – Ord for dagen ved Hedvig Flornes – Så vert det matøkt i gymsalen på…

Detaljar

VON

Det var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.

Før og no festival på Leirvik

I jonsokhelga vert “Før og no festivalen” på Leirvik arrangert for andre gong. – Jonsokhelga blir det nett som i gamle dagar i Leirvik hamn. Gamle fjordabåtar, seglskuter, treskøyter, tresnekker og redningsskøyter set jonsokhelga kursen for Leirvik og Før og no-festivalen 2011. Skriv Sunnhordland. Der vert det tilbod for publikum å delta på ulike tokter, der “Granvin”…

Detaljar