I vesterveg etter nye huglarar

Like etter påske reiste Alf Einar Notland og underteikna til Island for å promotera det gode øylivet på Huglo for folk i Reykjavik. Turen er del av eit samarbeidsprosjekt mellom øysamfunna Espevær, Fjelberg, Møkster og Huglo. Desse fire øyene ligg alle i Sunnhordland og har mykje felles, mellom anna ønsket om å auka busetnaden. Til…

Detaljar

Den Store Ryddedagen

Utruleg så mykje me eig som me ikkje treng!  Kvart år er det ryddedag, og kvart år drar SIM-trailarene frå Huglo med fulle containare.  Som Njål sa det:  “Årleg er det to tog på Huglo, 17. mai-toget og ryddetoget.  Og av dei to er ryddetoget det lengste!”  No er Huglo vårfin og klar for ein…

Detaljar

Ny dugnad

Dersom du ynsker å gjera ein innsats for Huglo saman med ein gjeng med kjekke folk, har du sjansen på laurdag.  Då er det ny dugnad rundt bronsealdergravrøysa på Hommandehaugen.  Ta med reidskap til krattrydding og følg stien frå parkeringsplassen inst i “hyttevegen”.  Dugnaden statar kl. 14.

Kommunedelplan for fastsamband

Framlegg til kommunedelplan for fastsamband til Huglo er lagt ut på høyring.  Planen er utarbeidd i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune og viser alternative vegtrasear både på Huglo og Skorpo.  Planen legg til grunn at vegen vert ført frå Nordhuglo via bru over Laukhammarsund til Skorpo og fram til Tysnes. Dokumenta ligg til…

Detaljar

Huglaungdomen er det tak i!

Dei som påstår at ungdomen er lat, bortskjemd og berre sit foran dataspelene sine, kan koma til Huglo og sjå noko anna!  Her er til dømes Kristoffer og Jon som nyttar frikvelden sin i påskeferien til å sveisa rekkverk på den nye landgangen til butikken/gjestehamna si flytebrygge.  Me “godt vaksne” ser at ungdomen på Huglo…

Detaljar

Turorienteringa 2011

No er det endeleg klart for turorienteringa igjen! Huglo Idrettslag har lagt ut 25 postar i skog og mark på Huglo, og håpar at store og små vil få kjekke turar på leiting etter postar. I fjor var det 130 personar som var med på turorienteringa, men me håpar på endå fleire i år. Postane vil vere ute…

Detaljar

Bedehusbasar og jubileum

Laurdag 16. april er det igjen klar for den årlege bedehusbasaren. I år er det ekstra stas sidan bedehuset er 100 år! Dette blir sjølvsagt markert på basaren med attersyn og jubileumskake. Når det er basar på Huglo kan me vente oss mange flotte gevinstar, god mat og godt samhald. Bedehusbasaren på laurdag vert nok…

Detaljar

Ny dugnad

Det vert ny dugnad på bronsegravrøysa laurdag 9.april frå kl. 10.  Stien er godt merkt fra parkeringsplassen på Homandehaugen – bilen kan du setja frå deg der hundehusa sto.  Ta med reidskap til å rydda busk og kratt.  Spørsmål?  Kontakt Eline, mobil nr 92013087. Vel møtt!

Detaljar

"Høg puls"

Det vart nemt på, at det vart “høg puls”  i bedehuset då gruppa “puls” vitja Huglo for ei tid sidan. Mange er nok samde i ar den dyktige gjengen er hjartelege velkommne tilbake ! Her kan du sjå på bilete frå konserten.

Huglo i går og i dag

Når skal våren vinna kampen med Kong Vinter?  I går lå eg på magen i graset uten vinterjakke og fotograferte blomane, og hønene fekk gå på plenen og hakka grasspirer og sparka i dei urydda blomebeda. Dugnadsgjengen på bronsegravrøysa sat ned i sola med kaffe og nistepakke.  Sjølv planla eg  å få piggdekka av bilen og…

Detaljar