"Høg puls"

Det vart nemt på, at det vart “høg puls”  i bedehuset då gruppa “puls” vitja Huglo for ei tid sidan. Mange er nok samde i ar den dyktige gjengen er hjartelege velkommne tilbake ! Her kan du sjå på bilete frå konserten.

Huglo i går og i dag

Når skal våren vinna kampen med Kong Vinter?  I går lå eg på magen i graset uten vinterjakke og fotograferte blomane, og hønene fekk gå på plenen og hakka grasspirer og sparka i dei urydda blomebeda. Dugnadsgjengen på bronsegravrøysa sat ned i sola med kaffe og nistepakke.  Sjølv planla eg  å få piggdekka av bilen og…

Detaljar

Dugnad på nytt turmål

Laurdag var det dugnad med rydding av kratt rundt bronsealdergravrøysa på Homandehaugen.  Som alltid når Eline arrangerer noko, var verte strålande, så dei 8 som hadde møtt fram, hadde ei fin arbeidsøkt.  Stien inn hadde vore rydda på førehand, så no var det lett å gå.  Godt merkt var den óg.   Dette vert ein fin…

Detaljar

Informasjon om arbeid ved E39

Frå 28. mars vil det vere arbeid på vegstrekninga E39 Børtveit kraftstasjon – Steinanestunellen. Tunellarbeidet i eksisterande tunell, fører til at det vil bli nattestengjing i perioden 28. mars til 1. september 2011. Dette blir frå søndag kveld kl. 22:30 til laurdag morgon kl. 06:00. Omkøyring for trafikken i denne perioden er over fylkesveg 545…

Detaljar

Rydding i naturstien

Huglo kultur og natursti opna i 1994, ein flott stoppestad er gruvene. På slutten av 1860 åra vart funne koparhaldig kis i guvene på Tveit. Gruva hadde fleire eigarar i åra som fulgde, men vart eigd av Vignes koparverk på Karmøy frå 1883-1885. Til tross for at koparen vart rekna som god, var det ikkje…

Detaljar

Oppmøtekonkurranse ?

Malene Aasheim er svært nøgd med oppmøtet då 26 personar frå Nordhuglo møtte opp til fotografering i strålande vær ved Leiro i dag. Ho vil då oppfordre alle huglarar på den sørlege delen av øya til å møte opp til fotografering ved gruvene på Tveit klokka 13.00 i morgon (søndag). Kanskje kan me få ein…

Detaljar

Lesarinnlegg – treng kommentarar!

Sigrunn Røssbø har sendt oss dette innlegget:   “Spørsmål til alle som er innom Huglo.no: Er det ein idé med ei eiga side for lesarinnlegg på Huglo.no? Altså utanom dugnadsprosjekt-opplegget. Det sistnemnde er fint, men mange synest kanskje dørstokken er litt høg når målet er å “gjera huglo.no til Norges beste nettstad”, sjøl om dette sjølvsagt er…

Detaljar

Lesarbrev frå Thailand

Ein av våre faste lesarar i Thailand er sutefull for dei norske husmødrene som må både tenkja ut meny, handla inn, koka, servera og kanskje vaske opp etterpå – eller i det minste rydda inn i oppvaskmaskina og ut igjen etterpå.  Og for å sleppa å anten laga fleire sortar mat, eller få sure miner…

Detaljar

No kan du kommentera på huglo.no

No er kommentarfelta opne. Har du noko på hjarta er det berre å slenge inn ein kommentar. Grunna “omstendigheitene” er det ikkje mogleg å kommentere på innlegg eldre enn 14 dagar. Kommentaren må og godkjennast av redaksjonen i huglo.no før den vert publisert, slik at me unngår uønska søppelpost på sida. Dette er ei midlertidig…

Detaljar

Torskegryte

No er gytetorsken her!  Fersk torsk med rogn og lever eller utan lever er sjølvsagt uslåeleg godt, men det er godt med litt variasjon òg.  Og kanskje er denne meir barnevenleg, ungar plar lika saus?  Og fisk utan skinn og bein, for her skal torsken fileterast og delast i passende stykker. I botnen av gryta…

Detaljar