Fiskerimelding

Gytetorsken er komen!  I alle fall nokre forløparar.  Siste uka er det tatt minst 6-7  fine torskar, 4-6/7 kg, dei fleiste med fin rogn – berre ein gut til nå.  Tenk på alle dei framtidige torskane som ikkje vert torsk når me set til livs rogna – men nam-nam så godt det er! Tvi, tvi…

Detaljar

Flygande Arvidsson

Flygande Arvidsson Her er ein kyllingrett som vart prøvd ut på huglarar denne  helga – og dei sa seg vel nøgde.  Ikkje så spennande som smalahovud, men det er nokon av oss som greier seg utan akkurat den spenninga. Ein Stangekylling rekker til 4 personar, eller ein kan nytta ferdig grilla vare.  Då ville eg ta…

Detaljar

Fiskerimelding

Ut på sjøen frå Nord-Huglo klokka 10, omtrent.  Stille sjø, et par varmegrader og jamt silregn.  Flott vinterver for fisketur, berre ein er kledt for det. 3 garn, 2 ruser:  Ein torsk 5,1 kg, 2 småtorskar, ein god lyr, ei stor nok lomra, 6 krabbar.  Ein kan trygt seia at det eventyrlege skreifisket i Lofoten…

Detaljar

Ferjeruta

Tekst: Asbjørn Sortland Me vart sitjande og granska den nye felles ferjeruta for Hordaland sist helg, og den er jo eit framskritt i seg sjølv.  Men ruta til/frå Huglo har vorte meir håplaus å tolka enn nokon gong.  Laga difor ei ny rute som er framstilt på ein heilt annan måte og berre viser aktuelle…

Detaljar

Hugladag 2011 ?

Hugladag 2011? Sitt du inne med innspel eller tankar om hugladagen har du no mogleiheit til å dela dei med andre. Etter den svært så vellukka hugladagen i 2009, er ein no klar for å starte planlegginga til den neste, og alle kan vere med på å bidra. Send ein mail til post@huglo.no, eller ta…

Detaljar

Trollgarnet

Det er mykje moro med eit trollgarn.  Og ein ting er sikkert:  Finnast det noko levande som garnet står i vegen for, så fangas det i garnet sine mange masker.  Alle sortar fisk, krabbar, ein og annan svart kardinal som berre gjev glede i oktober-november, og sørgjelek nok, av og til ein sjøfugl som har…

Detaljar

Folketeljing Huglo 1910

    No er folketellinga på Huglo 1910 lagt ut på   htt p://www.digitalarkivet.no/ Her er det mykje kunnskap og kulturhistorie å henta. Eg har kikka litt i teljinga for Huglo og funne mykje av interesse. Teljinga som var gjort i desember md. syner at det då budde 255 personar på Huglo. Fordelt på gardane så var det 74…

Detaljar

Svanefamilien vår

Wenche har fått seg ekstra-jobb:  Å mata svanefamilien vår, mor, far og tre ungar som antakelig er omlag tenåringar.  Dei vekslar mellom kyllingpip og å imitera faren når han kvesar mot katten Katja.  Katja likar å erta, ho set seg ytterst på kaikanten, akkurat utanfor rekkevidden til den kvesande svanepappaen, vel vitande om at dette…

Detaljar

Vinterøya Huglo

Huglo er absolutt ikkje noko dårleg stad å bu på for den som er glad i snø, ski og fjell. Sjølv om øya ikkje kan freista med dei høgaste toppane og dei vidaste viddene er her rikeleg av flotte plassar for turar med ski på beina. No i jula har det vore mykje snø på Huglo. Det…

Detaljar

GODT NYTT ÅR

Året 2010 tikkar mot slutten og nettredaksjonen takkar for eit flott år. Håpar alle har hatt ei flott juleferiring og får ei triveleg nyttårsfeiring til tross for at vèret kunne vore betre. Her kjem ein liten bileteserie frå dei siste dagane av romjula på Huglo. Foto: Hilde A. Eikeland

Detaljar

Julefest i bedehuset

28. desember var det klart for den tradisjonelle julafesten i bedehuset. Til tross for ein bitande kald dag, tok omlag 60 unge og gamle turen til bedehuset. Her var fastbuande, studentar heima på ferie, “hyttefolk” og andre på julabesøk til Huglo samla for ein god kveld ilag på det fine bedehuset vårt. Som i jula elles,…

Detaljar