Haustmøte

Tirsdag 30. november var det tid for Huglo Bygdelag sitt årlege haustmøte. Vel 50 huglarar møtte opp i gymsalen for å få med seg siste nytt. Sigurd Huglen orienterte om saker som bygdelaget har vore engasjert i i løpet av 2010. Alf Einar Notland fortalde om LivOGLyst, Leif Nordtveit orienterte om småbåthamna og Njål Sortland…

Detaljar

Potensielle millionærar!!

Gratulerer så mykje til vinnarane av flaxlodd. Denne gangen er det Åsmund Sortland og Jakob Svendsen som får sjansen til å skrapa seg fram til millionane. Lodda kan hentast på butikken i Nordhuglo;-) Rett svar var :        1   Tveit                              2    Kvednahuset i Kvednavikjo                              3    Kulturstien på Tveit                              4     Butikken på Nordhuglo                              5     Skulen                              6     Leikehytta…

Detaljar

Basar

Søndag 21.november var det korpsbasar i gymsalen på Huglo. Mange musikantar var spente på å halda konsert, dei hadde jo vore og øvt heile laurdagen. For dirigenten Thea var det fyrste gang ho leia eit korps på konsert, noko ho gjennomførte med glans!  Gymsalen fylltes opp då klokka nærma seg tre. Unge og gamle benka…

Detaljar

Øvingshelg

Laurdag 19.november klokka ti møtte det morgenfriske musikantar på skulen, klare til ein heil dag med musisering. Målet for denne maratonøkta var den årlege basaren til korpset på søndagen.  Midt på dagen byrja konsentrasjonen å svikta, notane haldt seg ikkje på rette linja og b blei til kryss, og magen romla. Alle var enige om…

Detaljar

Bokbåten

 Kvar haust og kvar vår får Huglo besøk av bokbåten Epos. Også denne hausten har me hatt gleda av å kunna fylla opp bokhylla med variert lesestoff. På bokbåten finn ein lesestoff både for små og store. Dei har eit flott utvalg i barnebøker, romaner, krim, fagbøker og hobbybøker. Det flotte med å låna på…

Detaljar

Ljosmesse

  Sundag var det ljosmesse på Huglo.  Fokus hos presten var på forventingar me har, både til jul og i eit større perspektiv.  Årets konfirmant, Mariell, tok aktivt del i sermonien.  Ei slik ljosmesse er ei god oppleving i ei travel adventstid. Kongen kom i skapnad av ein baby – ikkje som folket forventa

Detaljar

Hausttakkefest

I går var fyrste dagen i langhelga med Thanksgiving for amerikanarane.  Då er det endå meir sjølvsagt enn vårt pinnakjøt til jul at ein et kalkun, saman med slekt og vener.  Me rekk ikkje kalkun denne helga, men dette er lett, sunn mat – kanskje eit alternativ i løpet av jula? Då er dette eit…

Detaljar

Opning av julegato

Tradisjonell opning av julegata og tenning av julegrana utafor Huglabutikken – berre kaldare enn vanleg.  Men ikkje regna det og ikkje blåste det, korpset spela til fingrane omtrent fraus fast i instrumenta, John hadde fyrt opp omnen og Gløggen var både god og gjorde godt. Ca. 45 store og små huglarar hadde møtt fram for…

Detaljar

Brannvern 2

Førebyggja brann:  Komfyren Tørrkoking, tørrsteiking, og overoppheiting av olje/smult/matfett er årsaka til minst ein av 10 bustadbrannar.  Ringar telefonen medan du lagar mat, eller vert du avbroten av anna, slå av kokeplata!  Forlat aldri bustaden utan å forsikra deg om at komfyren er slått av.  Fettfilteret i ventilatoren over komfyren må gjerast rein jamnleg –…

Detaljar

I bondens åker

Under denne overskriften har Brit og Per, som er venner av familien Willgohs og av Huglo, sendt oss desse kjekke bileta frå potetopptakinga frå den to mål store åkeren på Sørhuglo i haust.  Brit og Per seier dei fekk god hjelp av tre kjekke nabobarn. – Tusen takk Brit og Per!

Detaljar

Brannvern 1

I Norge er det påbode å ha husbrannslange eller brannslukkeapparat i alle bustadar.  Veit du kor brannslangen eller brannslukkingsapparatet står heime hos deg?  Er det lett å koma til?  Hvis ikkje, bør du rydda det fram !  For pulverapparat bør du sjå etter at manometerpilen peikar på det grøne feltet og at plomberingen på sikringen…

Detaljar

Eldretreff

Andre måndagen i månaden er det eldretreff  på Huglo. Då er det sosialt samvære i barnehagen. Denne måndagen var det biletevisning frå ein sydentur, og ellers  eldre bilete frå Huglo som stod på programmet. Og sidan dette er på Huglo, var det kaffi og kaffimat på bordet. Det var dekka på bordet med fin duk, fint…

Detaljar

Tørk støv av symaskinen!

Når tre sporty damer går tur, og i tillegg møter postdamevikaren på vegen, då blir det lagt planar. Resultatet denne gangen var sytreff med symaskin. Me ivra alle etter å ta i bruk symaskinsertifikatet me så ivrig trente til i håndarbeidstimane på skulen. Lillian hadde husrom til oss alle, og symaskinane våre. Ein dato blei…

Detaljar

Julabord

Bygdekvinnelaget arrangerer julabord fredag 17.desember. Alle som vil kan vera med til Laukhamar Fritid på Tysnes og eta pinnekjøt til middag, og karamellpudding til dessert. Etegildet kostar kr. 375,00 pr.person, og av den grunn er det bindande påmelding til Sissel Haukanes på tlf. 534 95625 innan 1.desember. Ein reiser frå Nord Huglo med ferja klokka…

Detaljar

Hærverk!

  Det er fredagskveld/natt på fredelege Huglo. Men ute i mørke skjer det tydeligvis ting me ikkje får med oss før det er for seint. Fyrst  når dagslyset kjem, ja  fyrst då ser me kva som har skjedd på natta. Uerstatteleg skadeverk på buskar og tre har blitt utført. Reinhekla hærverk vil mange kalla det, ungdomsopprør vil igjen…

Detaljar

Sigmund på tur !

Engeline Margrethe sin kjære Sigmund har atter ein gang tatt seg ein tur rundt på Huglo. Klarar du å sjå kvar han har vore, sender du ein mail med rett svar til post@huglo.no innan søndag 28.november. Det er ingen aldersgrense, så me utfordrar både unge, midt i mellom og dei godt vaksne til å delta og…

Detaljar

Førebuing til jul

Røykt “pidnakjøt” er høgdepunktet for dei aller fleste vaksne vestlendingar på julekvelden. På sørhuglo byrjar derfor forberedinga av julamåltidet tidleg. Her blir det laga frå grunnen av, skikkeleg heimalaga pidnakjøt :-) Saugene går heile sommaren og beiter på Haukanes for å gjera seg gode. Når hausten kjem blir dei henta heim, og dei flottaste blir…

Detaljar