Ny dirigent i Huglo Skulekorps

Korpset spelar på 17.mai 2010 Etter tre fantastiske år med mykje bra musisering i lag med dirigent Svein Roger Koppang,  har Huglo Skulekorps denne hausten vore så heldige å sikra seg Thea Lund Hinderaker  til ny dirigent. Thea har mange års erfaring med korps, då ho har spelt i Langeland Skulekorps og Sagvåg Musikklag. I…

Detaljar

livOGlyst

Torsdag 7.d.m. var det folkemøte i Fjellheim, der 28 huglarar fekk høyre Ald Einar Notland orientera og i tillegg fekk gleda av å lytta til Cecilie Rønhovde. Ho song både ein eigenlaga song og Per Sivle, og spela piano – og skrøyt av Huglo! Einar Bunes Valland frå livOGlyst var tilstades på møtet. Alf Einar…

Detaljar

Potetferie

No er det haust og potetopptaking. Det er nokre år sidan haustferien blei kalla potetferie, for før hadde dei aller fleste ein liten potetåker. Slik er det ikkje i dag, og dei få som har potetåker har ikkje så store åkrar. Her på Huglo er det ein som har våga å laga ein stor potetåker…

Detaljar

Søndagskulen

Søndagskulen har modernisert seg sidan foreldra til desse borna var deltakarar, noko som er over 30 år sidan. Gitaren er bytta ut med cd- spelar og tavla er bytta ut med prosjektor. Kortet som me samla fisk i garnet er vekke, men dei har framleis kort, men får no diverse klistremerker til å lima i.…

Detaljar

Sigmund på tur igjen !

Sigmund er vanskeleg å halda på. Så snart eigaren ser ein annan veg legg han ut på tur over heile Huglo. Ser du kvar den glade vandrar har vore denne gangen, sender du rett svar til post@huglo.no innan 25.10.2010. Då er du med i trekkinga av flaxlodd og har moglegheiten til å vinna ein million;-) Lykke til…

Detaljar

No startar hummerfisket!!

Endeleg! For einskilde huglarar (og hyttefolk) er ikkje berre hjortejakta, men frå og med imorgon, òg Den Store Hummerjakta i gong. Ein må vera hummarfiskar sjølv – eller bu saman med ein – for å skjøna kva for ein viktig dato 1.oktober er. Førebuingane har gått føre seg lenge: Matfiske har ikkje vore interessant, siste…

Detaljar

1 million!!

Har du lyst på muligheten til å vinna 1 million må du hiva deg på dinna konkurransen! Klarar du å gissa kvar Sigmund har vore sender du ein mail med rett svar til post@huglo.no innan 26.september, og du er med i trekkinga av flaxlodd. Lykke til ;-) Bilete 1 Bilete 2 Bilete 3 Bilete 4 Bilete 5

Detaljar

Flaxloddvinnarar !

Flott at så mange har heve seg med denne gangen. Av dei som hadde alle svara rett, noko som var samtlege, er dei  dyktige sporfinnarane denne gangen  Hilde Anette Eikeland og Martha Olsen Brandvik  som er så heldige å ha vunne flaxlodd. Lodda kan hentast på butikken ;-) Fasit: Bilete 1: Gravplassen Bilete2: Jernstengene Bilete3: Vegen ned…

Detaljar

Hjortejakta er i gang

Hjort som beiter på Sørhuglo   Hjortejakta var i gang 10.september i år som i fjor. På Huglo er det rekordmengder med hjort i år, og hjorten er ikkje redd for å visa seg ute av skogen, både tidleg og seint har han vorte observert. Nokre veker før jakta starta, observerte Gaute og Lars Haukanes…

Detaljar

"The Golden Accolade"

Ca. ein fjerdedel av Huglo si befolkning møtte opp då ekteparet Dmitrij Lutziv og Olga Lutziv-Ternovskaja hadde konsert på Huglo skule tysdag kveld. Paret er på Noregsturne, og har allereie besøkt Drammen, Grimstad og Mandal. Jelena i Presthus Art var arrangør. “The Golden Accolade” Huglarane fekk høyra klassiske perler frå både kjente og ukjente komponistar.…

Detaljar

Stordøystemne

Våren 1988 vart stordøystemne arrangert på Huglo. Då var heile 350 musikantar og rundt 200 tilhøyrarar samla. Den gongen hadde Huglo skulekorps 16 medlemmar, det gjekk 18 elevar på skulen, og det budde ca 150 personar totalt på øya. Dette stoppa ikkje huglarane i å arrangere musikkstemne for korpsa på Stord og Fitjar. Fellesnummeret for…

Detaljar

Onsdagsdugnad

Onsdagar kjem det varer til Huglabutikken. Vel og bra, det er berre det at varene kjem med ferja klokka 19.20, og sjåføren vil tilbake med same ferja! Så kvar onsdag kveld er det dugnad på butikken for å få lossa varene og få dei under tak i ein fart. Kva skulle Huglabutikken gjort utan ein…

Detaljar