Sjølvplukk!

Mange har spurt om å få frø av dei store, raude valmuene i hagen til Nordhuglo 5. Gartnaren sier ja, her er det fritt fram, berre plukk frøhamsane. Ein til kvar skulle rekkje langt. Det løner seg å venta til hamsane ser litt brunaktige ut, då er frøa mogne. Ikkje til innvortes bruk!

Detaljar

NRK til Huglo

– “Huglo er ei lita øy i Stord kommune. Her bur det omlag 110 menneske som er avhengige av ferje for å koma av øya. Men dei trivst på Huglo, mykje takka vera dugnadsånda som rår der.” – nrk.no Kanskje har du gløymt, eller kanskje du aldri fekk med deg at Huglo var på TV.…

Detaljar

Varden opp!

I eit ufyseleg sommarvær var det bra med folk som tok turen til Varden søndag 1. august. 20 sprekingar i alle aldrar sprang opp på tid, medan omtrent like mange valde den litt meir behagelege varianten, å gå opp. På toppen venta velfortent heider, brus og bålkaffe. Kjempebra innsats alle saman! Resultat kvinneklasse: Hilde Eikeland…

Detaljar

Varden opp!

Huglo idrettslag arrangerer turløp til Varden søndag 1. august. Starten går frå Vikasanden. Dei som går, startar kl. 12.15. Dei som spring på tid, startar kl. 13.00. (Betalar 30 kr.) Det vil vere ein dameklasse og ein herreklasse. Flotte premiar til dei raskaste! Ferje frå Jektevik kl. 11.45, og tilbake frå Nordhuglo kl. 14.40 og…

Detaljar

Kvar er sumaren?

Gradestokken eg halte opp or sjøen i Huglavikjo klokka 10.30 ein dag midt i juli, tør nesten ikkje visa kor den raude søyla stoppa: på 14,5 gradar!! Ikke mykje av ein badetemperatur, og kor lenge skal me venta dette året? Gåsholmane ligg der nesten aude, og ullgenseren er ikkje langt unna. Fint ver for fiskeentusiastar,…

Detaljar

Krydderkake

Krydderkake 150 gr. smør 6 dl. kveitemjøl 4 dl. sukker 2 ts. kanel 2 ts. ingefær 1 ts. malt nellik 1 ts. natron 3 dl. mjølk, sur eller søt Smelt smøret, og avkjøl det. Bland alt det tørre i ei skål. Hell mjølka i det avkjølte smøret, og bland det deretter med det tørre. Rør…

Detaljar

Rektorskifte på Huglo skule

Huglo skule får, på tross av kommunen sin sparekniv, behalda status som sjølstendig skule med eigen rektor. Men rektor Reinert Agdestein har valt pensjonisttilværet og Sør-Frankrike og sluttar av etter mange år på Huglo skule. huglo.no har prøvd å få eit intervju med han, men det blei med fotograferinga, så gjorde han som kjendisar gjerne…

Detaljar

Huglo skulekorps på tur

Etter eit år med speling og konsertar kunne korpsmedlemmane unne seg ei velfortent avsluttning på korpsåret. I år gjekk turen til Kongeparken i Stavnger. Laurdagen spelte korpset ein flott konsert inne i parken, resten av dagen vart brukt til ulike aktivitetar for store og små. Etter som bileta syner  var det ein kjempe tur med…

Detaljar

Skillingsbollar

Skillingsbollar 1 pk. fersk gjær 1 dl.sukker 1 ts. bakepulver 1 ts. kardemomme 100 gr. margarin 1,5 dl. mjølk 1,5 dl. vatn 7-8 dl. kveitemjøl Bland alt det tørre i ei stor skål. Smelt margarinen og ha i mjølk og vatn. Når blandinga er ca. 37⁰C, kan gjæren blandast i. Hell det over det tørre,…

Detaljar