Dei to korpsa Huglo Generasjonskorps og Tysnes Musikklag har uoffisielt slått seg saman til Onarheim Musikklag. Dei øver saman kvar uke, og den trufaste dirigenten Nick har no dirigert korpsa i 10 år. Vel gjort!
I dag fekk huglarene og andre frammøtte nyta godt av mange øvinger. Dei gjenopplivde Wamp sin Månemann og hadde ellers mykje fin musikk på repertoiret. Frivillege hadde sett opp partytelt, og grillmat fekk me óg kjøpa, så sjølv om regnet hølja ned store delar av konserten, vart det ei fin start på pinsehelga for alle dei frammøtte.
Vel blåst!
Nokon pakka seg litt ekstra inn, og dei som sat ytterst, blei våte på ryggen. Men huglarar er ikkje pysete!








