Post 25

post 25Dette er post 25 i turorienteringa. Lett å sjå når du kjem fram til myrkanten der posten ligg. Men for meg er det helt bort i myra at denne posten berre gjev 4 poeng! Her måtte ein både klatre som ein hjort og symja som ein fisk – dersom fisk sym i myrhol. Meistringskjensla var stor då eg skreiv signaturen min på lista – heilt til eg oppdaga at Adrian på 6 år var fyrstemann opp. Men kanskje 6-åringar er spretne og spreke og kanskje ikkje alle postane er berekna på gamle damer på unge 70 år? Då eg endeleg var velberga nede att, slo det meg at nokon kanskje hadde gløymt 1-talet foran 4-talet i lista over postane? Langt bak i hovudet lurte likevel tanken på at eg kanskje ikkje hadde valt den smartaste vegen opp, og særleg ikke ned att . . . . . Trøysta var at eg hadde hetta på anorakken full av piggsopp som eg orka både rense og steike til middag. Og så gler eg meg til neste utfordring!