Sted: Huglo Bygdahus Møtedato: 27.03.25
Sigurd leia årsmøtet og gjekk gjennom årsmeldinga.
Tilstades: 25 Referent: Kjersti Aasheim
Delar av referatet står også i årsmeldinga, og vert ikkje gjentatt her.
Valg av styre: Referert tidligare.
Stian orienterte og delte ut skriftleg oppsett av nøkkeltala frå reknskapsåret 2024. Reknskapet var revidert med nokre merknader som må takast til følge.
Vikasanden: Oppgradering av avatale med Friluftsrådet Vest
Skarvane 2 (barnehagen): Det er utført diverse arbeide og vedlikehald av bygget.
Samferdsel: Det er sendt brev til Stord kommune vedr ferjesambandet Jektevik – Hodnanes – Huglo. Nytt anbod skal vera oppe å gå frå år 2030. Brev til Fylkeskommunen om at det er ynskjeleg med to filer til Huglo.
Ferjekaien på Nordhuglo: Trekaien som er innegjerda, må ordnast.
Kviletid for ferjemannskapet og transport av barn til skule: Det er sendt brev til Stord kommune og Fylkeskommunen, Samferdselavdelinga.
Tiltak på Fylkesvegen: Utbedring av veg ved Løkjen og om lag 100 meter sør for veg til inn til Røssbø: grøfterens har betra forhalda. Har fått vegnamneskilt på øya.
Transportteneste: Etter førespurnad. Det er vonleg fått i stand transportteneste. Huglobutikken er vidareformidlar.
Samsonhagen: Det har vore interesse for kjøp av tomta, utan at dette kom i mål. Skal ut på Finn.no i løpet av våren.
Rydding av kulturminne/landskap: Styret har fått førespurnad om rydding av sti til gravrøysa og sjølve gravrøysa , og småskog/kratt på holmane på Nordhuglo. Har spurd det offentlege om økonomisk bistand til dette. Svaret er NEI.
Omsorgsbustad: Det vart send ut til høyring om det var interesse for omsorgsbustadar på Huglo. Dette var det ingen interesse for. HBL har send brev til kommunen om utføring av heimebaserte tjeneste. Bakgrunnen er at personar som treng hjelp, vart oppfordra til å flytta til Stord. Styret haar send brev der dei vonar å få ei løysing der tryggleiksalarm kan koplast opp mot brannkorpset på øya, for at dei som nyttar seg av tryggleiksalarmen får raskt tilsyn.
Hugladag: Vart arrangert i sumar. God dugnatsinnsats og vel utført.
Lokale stadnamn: Eldretreffet har samla inn stadnamn på Huglo. På Haustmøtet vart det på Teams eit møte med fylkeskommunen sin representant om prosjektet. Vel utførd.
Fastlandssambandet:med på ei delfinansiering av detaljreguleringsplanen. Stord kommune er heller passiv.
Sykkelbod og utleigesyklar:Styret harr hatt kontakt med Tysnes sin ordførar Synnøve Bakke. Dei har arbeidd medmdetaljreguleringsplan for sambandet inn i deira planprogram. Har pr tlf blitt orientert om at private aktørar kan vera Vert brukt.
Innspel til rullerande kommuneplan: HBL har kome med eit generelt innspel til denne. Utkast til arealdel av kommuneplan kom på høyring i februar.
Huglo Bygdehus: Her er utførd ein del dugnadsarbeide både ute og innne. Basar i haust. Montert varmepumper i gymsal. Dette har redusert straumforbruket. Har diverse avtalar med lag om bruk av bygget. Viktig at bygget vert nytta. Det står att noko vedlikehald. Vatnet frys i røyra på kjøkkenet, dette må utbetrast. Ein kan leggja isolasjon rundt røyra.
Utbetring av kjøkkenet: Kjøkkenbenkane må ha lik høgde som oppvaskmaskinen, og benkane må vera i materiale som toler mykje vatn.
Fantastisk med Eldretrimmen! Alle som ynskjer å vera med, møt opp fredager kl 12.
Hugladagen: Har nokon gode tips om aktivitetar eller ynskjer å vera med å arrangera, ta kontakt med Stian, Per Egil eller Øyvind.
Utdeling av blomar med takk til Sigurd og Torunn som går ut av styret.
Nyinnflytta Anna, som bur på Tveit, får ei blomehelsing på døra.
Det var ingen meldte saker til årsmøtet.
Benkeforslag:
Ynskje om endring av reglar: Ein person som sit i styret for HBL kan sitja meir enn 4 år. Diskuterast på neste årsmte, i 2026.Flaggstanga må malast før 17.mai.
Golva med belegg må vaskas grundig og bonast. Dugnad.
Årsmeldinga må leggjast ut på heimesida.
Omsorgsbustader: Ikkje legg bort tanken. Ynskje om at omsorgsbustadar skal liggja solrikt med utsikt og sentralt.
Utbedring i Bygdehuset: Treng at toaletta i mellombygget setjast i stand, det er tungvindt å gå ned når dei fleiste aktivitetane og møta er i “skulestova”. Viktigare å verta ferdig med mellombygget enn å starta på kjøkkenet. Kan ein laga ein mellombels løysing med toalett i 2.etg.?
Det må søkjast etter pengestøtte til nye bord og stolar i gymsalen. Alf Einar og Sigurd skal ha fokus på søknader om midlar til Bygdehuset i dialog med Njål.