Referat frå årsmøtet Huglo bygdelag

Referat frå årsmøte i Huglo Bygdalag

Stad Huglo skule, gymsalen
Møtedato/tidspunkt 25.02.21
Referat Huglo Bygdalag
Til stades 21 personar (ikkje matservering grunna civid-19)
Referent Marlene Sørli

 

Sak:

 

1. Endre leia årsmøtet og gjekk igjennom årsmeldinga:

Har hatt fem styremøter sidan sist årsmøte (berre eit halv år sidan forrige årsmøtet)

–        Det ha vore ei evaluering av fergetidene – skulle vore eit møte, men dette vart avlyst.

–        Fastlandssambandet – har hatt møte med fylke og kommunen. Vart bestemt at vi skal sende inn forslag til ny trasé, med bruk av den nye vegen Berrføttevegen. Nå ventar vi på svar frå kommunen om dette må konsekvensutgreiast.

–        Det er oppretta ei gruppe for å jobbe med fastlandssambandet: Øystein Huglen og Njål Sortland.

–        Det har vore ei kronerulling/lotteri i år for å auke inntektene til bygdalaget – har selt 90 lodd.

 

Per Egil Sæter og Øystein Huglen skriv under på årsmeldinga

 

 

2. Trekking av lotteri:

Eline Brundtveit vann lotteriet

 

 

3. Albert Eikeland orienterte om driftsstyret:

Treningsrommet har vore mykje brukt, men elles har ikkje skulen vore særlig i bruk. Vedlikehald som er gjort er maling av gavlveggen mot nord. Har hatt noko utleige mellom anna ein leir i sommar. Har vore litt inntekter på utleige i 2020. Har planar, men det er etterslep og vedlikehald som er det viktigaste. Har signalisert til styret at det må gjerast noko med oppvarming – varmepumpe er noko som er tenkt – å kunne styre temperaturen enklare.

Barnehagen – har tatt tak i ventilasjon og varmtvassberedar. Utleige fungera veldig greitt. Har plan om å male barnehagen til våren – spørsmål om det skal vere dugnad eller lysast ut som ein jobb. Kan og vere ein kombinasjon av dugnad og betalt arbeid.

 

Innspel: – Idrettslaget har teke opp at det kunne vore greitt å bytte ut vindauga i treningsrommet.

 

4. Janne Eikeland orienterte om rekneskapet

Delte ut kopi av rekneskapen. Det har vore eit overskot på 106 000 kr i 2020

Har vore bra med utleige, og vi får 50 000 frå kommunen, pluss godt med inntekter frå kronerulling/lotteri.

Skulen får 25 000 i overskot.

 

Spørsmål: inntekter på skulen = 50 000 frå kommunen + utleige. Utgifter på skulen er straum, forsikring og vedlikehald.

Sum bank og kasse 379 518,69

 

5. Valnemda v/ Hege Elin Haukanes:

 

Orienterte om kven som er på val i styret: Janne Eikeland og Endre Caldwell. Kathrine Huglen går ut.

 

Sigurd Huglen var foreslått som nytt styremedlem i bygdalaget

Ole Kannelønning var foreslått som nytt styremedlem i driftssyret

 

Styret i Huglo bygdalag:

Endre Caldwell (leiar)

Janne Eikeland

Marlene Sørli

Erling Grov

Sigurd Huglen

Lars Haukanes (1. vara)

Alf Einar Notland (2. vara)

 

Driftstyret:

Albert Eikeland (leiar)

Ole Kannelønning

Erling Grov (styret sin representant)

Nils Elde (1. vara)

Elin K. Haukanes (2. vara)

 

Nils Olav går ut av driftsstyret

 

Ny valnemnd:

Hege Elin Haukanes, Eva Grov og Kathrine Huglen

 

 

Innspel frå salen:

 

1.     Spørsmål om syklane på kaien er i orden? Leiar i styret skal syte for at dei skal vere klare til våren.

 

2.     Innspel om at det kan takast kontakt med kommunen om at Huglo skal nemnast i ei ev. sommarbrosjyre.

 

3.     Spørsmål om det er nokre planer for eigedom som bygdelaget eig på Nordhuglo. Har vore tatt opp fleire gongar i styret, men ikkje bestemt noko.

 

4.     Innspel om at det gjerne kan arrangerast ein dugnad for å gjere det finare på kaien, mellom anna luke. Dei gamle urnene på kaien burde skiftast ut, og det er fylkeskommunen som har ansvar for dei etter å ha vore i kontakt med kommunen.

 

 

5.     Det er sannsynleg at det kjem fiber på resten av øyo.

 

6.     Telefon og tv-dekning er svært dårlig i Brandvikjo. Dette kunne kanskje bygdalaget ha teke opp. Det har med tryggleik å gjere.

 

 

Per Egil Sæter

Øystein Huglen