Rehabilitering av taket på Huglo bedehuskapell

Taket på Huglo bedehuskapell vert i desse dagar rehabilitert. Eldste del av huset var meieri på Hatlestrand før det vart sett opp som bedehus midt på Huglo i 1911. Kor kom til og det vart kapell i 1937. Taket har tidlegare vore lagt om ein gong på baksida av huset i samband med utviding på 1970-talet. På sida mot vegen har taket lagt som no i over hundre år. Men no har små lekkasjar gjort at det var tid for ei vøla. Det vart søkt om midlar frå Kulturminnefondet og det er innvilga 138 000 kr, som er 50 % av dei stipulerte totalkostnadane. Kulturminnefondet stilte krav om at det vert sett opp sinkrenner igjen, og at det ikkje vert nytta impregnert material, seier leiar i husstyrret Per Egil. Det har vore dugnad, med god koronaavstand, for å plukka ned skifer og legga nytt sutak. No er arbeidet i gong med å legga opp skiferen, som alt i alt er i god stand. I same høvet skal òg tårnet, med krossen i toppen, bli vedlikeholdt og malt. Av folk utan høgdeskrekk.