Sødagsskulen inviterte til påskefrukost

Det var duka for påskefrukost i Bedehuset palmesøndag klokka 10.00.

Då me kom inn i gangen, vart me møtt av ei utstilling som viste palmesøndagsforteljinga med palmegreiner og eselet som Jesus reid på. Alle fekk eit bordkort pynta med klistremerke. Dette hadde barna laga på sist søndagsskule. Inne i salen var borda pynta med lys og ei palmegrein. Kari las frå Bibelen om palmesøndagen, og alle var med og song Hosianna!

Så var det tid for frukost. Sist søndag baka dei eit flott brød forma som eit kornaks. Kari har baka fleire seinare. Dei smakte saman med vanleg, godt pålegg. Unge og gamle åt godt.

Me var 45 personar.

Etter maten såg me animasjonsfilm om påskeforteljinga. Me song søndagsskulesongar. Til slutt informerte Kari om støtte til søndagsskulen i Romania og me fekk gi ei gåve til dette arbeidet.

Samlinga vart avslutta med ulike aktivitetar for barna medan dei vaksne prata og rydda. Det var veldig kjekt at det kom så mykje folk, i alle aldrar.

tid for frukost
store og små kosar seg på påskefrukost

Tekst og foto: Per Egil Sæter