På huglamessa på laurdag spurde me seks personar desse tre spørsmåla:
1: Har du smakt noko av havreprodukta i kafeen, og har du delteke på quizen?
2: Er det fyrste gong du er på huglamessa, og kva tykjer du?
3: Har du kjøpt noko fint?
Den fyrste me snakka med var Katrine A. Hope.
1: “Ikkje enda, men snart. Har ikkje hatt tid. Den vanskelege havrequizen? Nei, eg ga opp.”
2: “Nei, eg har vore med før. Har og vore med som utstillar.
Det er kjempekjekt å møta så mange folk, og mange ukjende.”
3: “Masse fint! Lubber, t-skjorte, trebjeller og litt ymse mat.”
Så sat me oss ned med Lars Haukanes og spurde han.
1: “Nei, men eg har smakt rundstykka heime, og dei var godt brukande.”
2: “Fyrste gongen denne gongen, ja. Mykje folk og mykje fint.”
3: “Ja eg har kjøpt boka om Langenuen av Steinar Hystad.”
Den tredje me snakka med var Olaug Johansen frå Tysnes.
1: “Nei. Nei.”
2: “Nei, dette er fyrste gongen, og det er kjempeflott!”
3: “Åja! Eg har kjøpt vottar, knaggar, gele og syltetøy.”
Så sat me oss ned og spurde Solfrid Laupsa.
1: “Nei eg har seld mykje, så er har ikkje hatt tid enda.”
2: “Nei, eg har berre budd her i eit år.
Det er kjempebra! Overaskande mykje folk.”
3: “Ja, eg har kjøpt krokar, purre, lauk, lefsa og saft.”
Me møtte på Njål Sortland ute i gangen, og me spurde han rett før han for heim.
1: “Nei, det har eg ikkje. Viss ikkje det var havre i vaflene? Åja, men då har eg.”
2: “Nei, eg har vore før, men eg tykjer det var ei kjempe-messa i år! The best huglamessa ever.”
3: “Eg har kjøpt porselenskopp med plass til tommelen, syltetøy og lauk.”
Den siste me spurde var Erling Anthonessen.
1: “Ja, og så prøvde eg teen. Quizen var litt vanskeleg, men eg prøvde så godt eg kunne.”
2: “Nei, eg har vore før. Det er mykje fint å kjøpa og mykje folk.”
3: “Ja, eg har kjøpt t-skjorte og ein snurrebass.”
Fin reportasje! Ja messo var fin den, også for meg som var utstillar. Såg ut som at alle lika seg.