Sjølv i gråvær er pizza og quiz utandørs tiltrekkande. 15 fastbuande og ca 120 hyttefolk var samla utafor Huglabutikken onsdag kveld, både for litt konkurranse, pizza og helst for å treffa folk. Initiativtakarane visste kva dei kunne ha i vente frå vergudane, så det var sattt opp “telttak” – og det kom godt med . Stemninga var god den, Jonas Nordtveit hadde laga ein variert quiz og mange hadde mange rette svar. Den som svarte aller best, var Ellen Marie Nordtveit. Gratulerar! Og pizza kunne alle spise i hyggeleg selskap.

Del dette innlegget







