Siste innspurt

Post 10

post 14Enno ligg dei ute, postane i turorienteringa på Huglo. Manglar du berre nokre få poeng til bronse- , sølv- eller gullmerket? Nokre postar har rekordmange namn på lista i glaset, men det er og postar som godt kunne hatt fleire. La deg ikkje skrema av at post 24 gir 9 poeng, den ligg ikkje langt unna det som før var hønsehus, og det er berre litt bratt helt på slutten. Litt anstrengande, men så er glada dessto større! Men det orangeogkvite merket er surra rundt ei furustamme, litt lågt nede, ikkje lett å få auga på dersom du kjem frå sørvestsida.

Post 10
Post 10
Elles er post 10 og 14 passande for ettermiddagsturar.
Mykje ros og takk til dei som tek arbeidet med å planleggja, setja ut og ta inn postane!
Utsikt ved post 2
Utsikt ved post 2