Skeisedag på Mørkavatnet!

Huglo Idrettslag benyttar seg av den flotte isen, og innviterer store og små til Mørkavatnet laurdag 4. desember kl. 14.30.
Me merkar bane til løp og ishockey, så det vert mogelegheiter for å teste ferdigheitane dine på den 17 cm tjukke isen. Idrettslaget lagar bål og sel kaffi og buljong. Ta gjerne med pølser o.l.

Velkommen til ein kjekk dag på glattisen!