Skipingsmøte på Huglo

Potetfesttalaren
Presidenten taler til ein lydhør forsamling. Merk Kaisa, den hunden har matvet!

Sunnhordland komlesamskipnad heldt skipingsmøte i sol og kuling frå nord under mottoet: “Eit møte for alle” – og sjølvsagt på Huglo.  Det er der saker og ting går føre seg i sumar – jamfør Fabrikken.  Men altså, denne gongen gjaldt det komlo.  Huglarane møtte som vanleg mannsterkt fram, men det må seiast at gjennomsnittalderen var ganske høg.  Kva slag forhold har ungdomen til denne maten som er ein sentral del av vestlendingane sin kultur?

Her vart komlo teken med det alvoret den fortener.  Presidenten i Tysnes komlelag, Kaare Malkenes,  heldt apell, det var potetandakt ved potetprest Halvor Melhus,  og potetfesttale ved Harry Herstad.  Val var det og, presidenten for Tysnes komlelag er no president for Sunnhordland komlesamskipnad, Harry Herstad vart valt inn i leiinga, og som representant for Huglo Wenche Taranger.  Då var det formelle i orden, og endeleg vart det matøkt:  Medbrakte KOMLER!!

Presidenten - ein levande reklame for komlo
Potetfesttalaren
Endeleg matøkt